I Noreg er det rundt 220 område på Riksantikvarens liste over tette trehusmiljø. Dei gamle husa står tett i tett, og brannsikringa av dei byr derfor på ekstra utfordringar for nabolaga.
– Trehusområda er kulturskattar, og vi finn dei over heile landet. Dette er populære bustadområde som mange trivst i, og derfor er det viktig at vi gir eigarane ei handstrekning for eit tryggare bumiljø, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
I 2026 fekk 10 fylke 39 søknader på 31.1 millionar kroner. Det er ein nedgang på ca. tre millionar frå 2025. Vestfold har ubrukte midlar frå i fjor, og har derfor ikkje søkt vidare til Riksantikvaren om midlar for 2026.
– Brann er ei av dei største bekymringane vi har for kulturminna våre, konstaterer riksantikvar Hanna Geiran.
– Når eit kulturminneKulturminner er alle spor etter menneskers liv og virke i vårt fysiske miljø. Begrepet omfatter også steder det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi er kulturminner, eller kan inngå som del av et kulturminne. Kulturminner kan for eksempel være bygninger, hager, gravhauger, helleristninger, båter eller veifar. Disse kan være fra tidligere tider eller fra vår egen tid. Det skilles mellom løse og faste kulturminner. er borte, så er det borte for alltid. I 2025 såg vi fleire alvorlege brannar i gamle verneverdige trehus, mellom anna i Lærdal, Arendal, Kristiansand og i Drammen, som viser betydninga av at både brannvesenet og nabolaga har gode planar for sikringa.
I dei tette trehusområda kan ein brann i eit hus fort spreie seg til nabohusa. Dette betyr at nabolaga må samarbeide, fordi manglande sikringSikring: Sikring innebærer alle tiltak for å beskytte kulturminner og kulturmiljøer mot skade og tap. Sikring kan blant annet dekke istandsetting, vedlikehold og skjøtsel, dokumentasjon og juridiske tiltak. Sikring kan også skje ved arkeologisk utgravning for å ta vare på kulturminnets kunnskapsverdi. i ein bygning kan i verste fall bety ein større bybrann der fleire hus går med.
Færre kommunar har søkt
Fylkeskommunane har fått færre søknader frå kommunane om midlar til brannsikringsplanar for 2026. Det er mogleg å søkje til både nye planar og oppdatering av eldre planar.
– Gode planar er uvurderleg når det brenn, og vi prioriterer alltid brannsikringsplanar først, seier Geiran.
– Nedgangen i søknader om planar kan vere svært positivt, dersom nedgangen betyr at mange kommunar har gode planar på plass, seier Geiran.
– Dersom det er andre grunnar til at færre søkjar, slik som manglande kapasitet og ressursar til å lage planar, lovar det dårleg. Dette vil vi finne ut meir om.
Agder fylkeskommune har vist til at auken i søknader frå fylket deira botnar i auka medvit på grunn av fleire brannar på Sørlandet.
Bybrannar er ein trussel også i dag
Noreg har hatt fleire bybrannar, og den siste store var i Lærdal i 2014, der over 40 hus vart rov for flammane.
Bybrannar er ikkje berre eit historisk fenomen. Trondheim hadde større brannar i 2007 og 2004, i Bergen brann fleire av Skuteviksbodene i 2008, Harstad hadde ein bybrann der fem hus gjekk med i 1992, og Tromsø mista 24 bygningar i 1969.
| wdt_ID | Fylke | Søknadssum i kr | Tilskudd i kroner |
|---|---|---|---|
| 1 | Agder | 2,022,815 | 830,000 |
| 2 | Akershus | 1,466,081 | 675,000 |
| 3 | Buskerud | 2,200,000 | 1,000,000 |
| 4 | Innlandet | 2,000,000 | 865,000 |
| 5 | Møre og Romsdal | 3,328,704 | 1,280,000 |
| 6 | Nordland | 4,187,266 | 1,880,000 |
| 7 | Telemark | 1,900,000 | 440,000 |
| 8 | Trøndelag | 7,248,441 | 3,300,000 |
| 9 | Vestfold | 1,790,000 | 0 |
| 10 | Vestland | 4,943,188 | 1,730,000 |
| 11 | Samlet | 31,086,495 | 12,000,000 |
| Fylke | Søknadssum i kr | Tilskudd i kroner |
Tilskot til brannsikring:
Tilskot til brannsikring er ein av sju ordninger i samme tilskotsspost.
Posten heiter «Bygninger og anleggAnlegg: Betegnelsen brukes innen kulturminneforvaltningen om en gruppe bygninger med tilhørende areal, for eksempel gårdsanlegg, byanlegg eller fabrikkanlegg. Det brukes også om byggverk og konstruksjoner som ikke nødvendigvis inkluderer bygninger, for eksempel vei, bro, tunnel eller grøntanlegg. Når det gjelder arkeologiske kulturminner ligger anlegg ofte under markoverflaten. fra middelalderen samt brannsikring.»
Heile tilskotsposten er i 2026 på 48,8 millionar kroner.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Sjå oversikta: Desse kyrkjene har søkt om tilskot
Kyrkjebevaringsfondet har fått inn 247 søknader frå 139 kyrkjer for 2027.
Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé
Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.
Eiere søker om 1,2 milliarder til kulturminner
Riksantikvaren har fått inn tilskuddsøknadene til freda kulturmiljøEt område der kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi kan inngå i et kulturmiljø. Kulturmiljøer kan for eksempel være et byområde, ei setergrend, et fiskevær eller et industriområde med fabrikker og boliger. og kulturminner for 2027, og behovene er store.




