Totalt kom det inn 118 søknadar, med ei samla søknadssum på 51,6 millionar kroner.
Tilskota skal styrke kulturmiljø i bygd og by, samt næring og industri. Av desse søknadane var 94 retta mot bygd og by, 40 mot næring og industri og 16 søknader treff begge tema.
– Kulturmiljø blir best tekne vare på når dei er i bruk. Prosjekta vi støttar skal gjere det enklare for folk å oppleve, lære om og ta del i kulturarven vår. Slik kan kulturmiljø skape aktivitet, møteplassar og nye moglegheiter for utvikling i lokalsamfunna. Derfor er det viktig å støtte dei gode ideane som får dette til å skje, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Kulturmiljø som ressurs
Føremålet med midlane er å bidra til å skape nye moglegheiter, løyse utfordringar og samordne innsats knytt til kulturminne og kulturmiljø.
Prosjekta skal leggje til rette for bruk av kulturmiljø som ressurs, og styrkje rolla kulturmiljø kan spele i lokal og regional utvikling.
– Prosjekta vi gir støtte til, viser korleis kulturmiljø kan vere ei aktiv kraft i utviklinga av lokalsamfunna. Det handlar både om å ta vare på historia og om å bruke henne – til å skape nye moglegheiter for folk, gjennom samarbeid som bidreg til verdiskaping, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– I tildelinga har vi vore opptekne av å løfte fram prosjekt som både held høg kvalitet og som på ein god måte tek i bruk kulturmiljø som ein ressurs, legg Geiran til.
Riksantikvaren gjer tilskot til 16 prosjekt:
- 8 prosjekt innan næring og industri (1 250 000 kroner)
- 8 prosjekt innan bygd og by (2 209 000 kroner)
Fordelinga speglar at det var særleg mange gode søknader innan bygd og by. Samtidig er det gledeleg å sjå breidda i prosjekta innan næring og industri, mellom anna med prosjekt knytte til urfolk og nasjonale minoritetar.
Korleis vert tilskota brukt?
Tilskota går til prosjekt som brukar kulturmiljø som utgangspunkt for utvikling – i lokalsamfunn, næringsliv og stadutvikling.
Målet er å skape nye moglegheiter, styrkje samarbeid og finne gode løysingar på lokale utfordringar.
Prosjekta som får støtte kjenneteiknast ved at dei:
- utviklar og deler kunnskap og kompetanse
- samlar ulike aktørar om felles mål
- gir erfaringar og metodar som kan kome fleire til gode
- bidreg til berekraftig bruk av kulturmiljø
Innan næring og industri går midlane til prosjekt som løftar fram og vidareutviklar industrimiljø, småindustri og infrastruktur – med særleg vekt på kunnskap og kompetanse.
Her kan du sjå oversikta over årets fordeling:
| Namn på prosjekt | Søkjer | Beløp søkt | Tildeling |
| Klevfos-seminaret | Anno Klevfos industrimuseum | 150000 | 50000 |
| Industristaden Stongfjorden – formidling, fornying og framtidsretta bruk av eit nasjonalt industrikulturmiljø |
Stangfjord bruksskule | 200000 | 150000 |
| Cross cut – formidling, identitet og møteplassar | Tokke kommune | 200000 | 150000 |
| Bevaring og videreutvikling av Myhre Torvstrøfabrikk i Birkenes kommune | Stiftelsen Birkenes bygdemuseum | 500000 | 300000 |
| Vinterarv: Kunnskapsbygging og organisering for å sikre vintervegene og bruken av dem | Fórbonde- og Lasskjørerunionen | 500000 | 275000 |
| Sølvveien og Kunstnerleden — historiske ferdselsårer mellom by, land, kultur og industri. | Kunstnerleden forening | 90000 | 50000 |
| Vern gjennom bruk – pilot Bredalsholmen | Stiftelsen Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter | 350000 | 175000 |
| Oppgangssaga i Aursfjorden: gammelt kulturmiljø får nytt liv | Midt-Troms Museum | 178500 | 100000 |
| Sum | 2168500 | 1250000 |
Innan bygd og by støttar vi prosjekt som styrkjer identitet og særpreg, og utviklar kunnskap og kompetanse knytt til bevaring og bruk av møteplassar, bygningar og uterom. Nokre prosjekt viser også korleis arkeologiske kulturminne kan bli ein aktiv ressurs i stadutvikling.
I vurderingane har vi mellom anna lagt vekt på kor godt prosjekta svarer på prioriteringane i utlysinga, kvaliteten på samarbeidet, og kva moglegheiter prosjekta gir for verdiskaping og læring utover det enkelte prosjektet. Her kan du sjå oversikta over årets fordeling:
Her kan du sjå oversikta over årets fordeling:
| Namn på prosjekt | Søkjer | Beløp søkt | Tildeling |
| Pilotprosjekt: Nytt liv til «Den Gamle Pressen» – avis og trykkehus i Lillesand | Foreningen den gamle pressen | 250000 | 209000 |
| Pilot for etablering av Nasjonalt senter for hagekunst- og landskapsarkitekturhistorie – kompetanseløft for historiske grøntanlegg i kommunal og regional forvaltning | NMBU | 250000 | 200000 |
| Vikingfylket Rogaland – kulturmiljø som ressurs i stedsutvikling og reiseliv | Eigersund næring og hamn KF | 400000 | 300000 |
| Tradisjonshåndverk på Eidsvoll bygdetun | Museene i Akershus | 800000 | 650000 |
| Kulturmiljøverksted for unge | Osen kommune | 250000 | 200000 |
| Kulturmiljø i sentrum – Kulturparken i Ås | Ås kommune | 300000 | 250000 |
| Gylne Tider – ny framtid for fortiden | Indre Østfold kommune | 250000 | 200000 |
| Lillehammer 200 år – nye øyne på byens kulturmiljø | Innlandet fylkeskommune | 200000 | 200000 |
| Sum | 2700000 | 2209000 |
Tilskot til kulturmiljø, kulturminne og landskap
Riksantikvaren deler kvart år ut tilskot til kulturminne, kulturmiljø og landskap. Tilskota skal bidra til både bevaring og utvikling – slik at kulturarven framleis er relevant og til nytte i samfunnet vårt.
Midlane blir fordelte over fleire tilskotsordningar, finansierte over statsbudsjettet. Saman skal desse bidra til å ta vare på historia om Noreg – samtidig som vi legg til rette for ny bruk og ny verdi i framtida.
Oversikta over tilskotsordningane finn du på nettsidene til Riksantikvaren. Her kan du også lese meir om fristar og krav.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
3,5 millionar til kulturmiljø over heile landet
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
Hva om vern er det smarteste klimatiltaket vi har?
Naturen står sentralt i årets Arkitekturtriennale i Oslo. Nå spør Riksantikvaren triennalen: Hva om kulturmiljø kom først?
Tilrår flytting av Grønnbrygga i Levanger
Normilk har klaga på Trøndelag fylkeskommunes nei til å rive Grønnbrygga. Riksantikvaren opprettheld avgjerda.



