Høringer og kunngjøringer

33 landskap i Telemark med i nasjonal oversikt

No er Telemark fylke med i Riksantikvarens oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. 

Publisert: 7. oktober 2025 | Endret: 6. oktober 2025

En foss renner ved siden av en gangvei av tre i et steinete landskap med trær; industribygninger og en demning er synlige i bakgrunnen under en blå himmel.
Notodden Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Dei 33 landskapa strekk seg frå Møsstrond i nord til Kragerø i sør. 

– Telemark er høgfjell og hav. Det unike kulturlandskapet i området har i praksis dei same grensene som Skien syssel hadde for 700 år sidan, seier Thea Aaberge Wikander, rådgjevar hjå Riksantikvaren. 

– Landskapa og kulturmiljøa i Telemark er ei levande historiebok, som syner lange linjer frå pionerbusetnad til industrirevolusjon, seier Wikander.

Flyfoto av en liten, steinete øy med spredte hus, grønne åkrer og en brygge, omgitt av stille, blått vann.
Stråholmen

Kulturhistoriske landskap i Telemark er ei oversikt som skal syne mangfaldet av landskap i fylket og i landet. Oversikta skal først og fremst vere eit kunnskapsgrunnlag for forvaltinga i kommunane og hjå andre styresmakter. Den er ikkje ein verneplan, og landskapa blir ikkje freda. 

Les meir om kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. 

– Vi vonar at oversikta bidreg til auka kunnskap og forståing for verdiane i landskapa våre, og vere til nytte i arealplanlegging og forvalting, seier Wikander. 

Telemark fylkeskommune har foreslått område og utarbeidd skildringar, og oversikta var på høyring i 2024. Sidan då har Riksantikvaren arbeidd vidare fram mot ferdigstilling av oversikta. 

Flere sauer beiter i en gressbakke med trær og spredte hus i en grønn dal og skogkledde fjell i bakgrunnen under en klarblå himmel.
Hjartdal og Svartdal Området er prega av ein mosaikk av ulike typar bruk, i dalbotnen, dalsidene og i baklier og trongare sidedalar. Foto: Ingvill Buen Garnås

Kva er spesielt med landskap i Telemark?

Telemark strekk seg frå høgfjell til ytterkyst. Landskapet er kupert og uoversiktleg. Det kjenneteiknast av fire vassdrag som bind regionen saman, og Hardangervidda i nord som rammar Telemark inn. 

– Vassdraga har prega samfunnsutviklinga og påverka busetnadsmønster, bidrege til kulturutveksling og vore viktig for handel, ressursutnytting, og industriutvikling, seier Wikander. 

Telemark har ei lang historie, frå nomadiske jegarar etter istida til etablering av jordbruk for om lag 6000 år sidan. Jakt, fangst og fiske har vore viktige næringar, og stølsdrift og bruk av utmark har forma kulturlandskapet.  

Regionen har ein rik bondekultur med sterke tradisjonar innan kunst og handverk, og mange mellomaldergardar er bevarte. Industrihistoria starta med jernproduksjon og brynestein, og utvikla seg med gruvedrift og trelasthandel. 

– På 1800- og 1900-talet vart Telemark eit pionerområde for vasskraftbasert industri. Papirfabrikkar og Norsk Hydros kunstgjødselproduksjon i Notodden og Rjukan markerte den andre industrielle revolusjonen, og kraftverk som Vemork og Såheim vart bygde, seier Wikander.  

Rjukan-Notodden industriarv er i dag ein del av UNESCOs verdsarv. Telemark har òg vore prega av militær aktivitet, frå bygdeborgar i jernalderen til spor etter okkupasjonen under andre verdskrigen.

Dette er dei 33 landskapa

  • Korsalen kalksteinsbrudd 
  • Langesund by 
  • Stathelle 
  • Moisesberg 
  • Folkestadbyen 
  • Hjartdal og Svartdal 
  • Kragerø sentrum med Øya 
  • Stråholmen 
  • Nes og Sauer 
  • Årnes brygge 
  • Høgefoss kraftstasjon 
  • Vrangfoss og Eidsfoss sluser 
  • Ulefoss 
  • Heddal 
  • Lifjell – stølsområde og skogdrift 
  • Svelgfoss kraftstasjon 
  • Notodden sentrum – Delområde Grønnebyen 
  • Notodden sentrum – Delområde Villamoen 
  • Notodden sentrum – Delområde Jugendbyen 
  • Vallermyrene leir 
  • Brevik 
  • Verksteds-, brynesteins- og porselensområdet 
  • Gjerpensdalen og Fossum 
  • Skotfoss 
  • Skien sentrum 
  • Snipetorp 
  • Vestfjorddalen 
  • Delområde Våer 
  • Delområde Rjukan Company Town 
  • Eidsborg og brynesteinslandskapet 
  • Åmdalsverk og Bandaksli 
  • Austbø, Lognvik og Øygarden 
  • Møsstrond 

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153