Nyheter

Planlegging av ny bru ved Fetsund lensar kan halde fram

No varslar Riksantikvaren avfreding for delar av området rundt det freda anlegget, og vil gå i dialog med Statens vegvesen om utforming av ny bru for å minske konsekvensane.

Publisert: 7. november 2025

En fagverksbro i metall med en lastebil på toppen spenner over en elv, støttet av betongpilarer, med bygninger og trær i bakgrunnen.
Dagens bru: Fetsund lenser i dag. Foto: Hege Skalleberg Gjerde, Riksantikvaren.

No kan Statens vegvesen gå vidare med planlegginga av brua.

–  Avfreding er eit sjeldan og drastisk steg, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Det er ikkje noko vi går inn i med lett hjarte, men vi ser at same korleis brua vil sjå ut, vil traseen for den nye brua og trafikkmaskina på land få store konsekvensar for Fetsund lensar, sier Geiran.

Traseen for brua har vore fastlagd sidan 2020, og no er Statens vegvesen i innspurten med forslaget sitt til reguleringsplan, som skal vedtakast av Lillestrøm kommune. Akershus fylkeskommune avslo søknaden til vegvesenet om dispensasjon frå fredinga, fordi brua vil få vesentlege negative konsekvensar for det freda lenseanlegget.

– Vi er samde i vurderinga frå Akershus fylkeskommune om at dei negative konsekvensane er for store til at det rettsleg sett er mogleg å gi dispensasjon frå fredinga, seier Geiran.

– Derfor er det einaste moglegheita å varsle avfreding av det området som kjem nærast brua, forklarer Geiran.

Og held fram:

– Vi avventar behandlinga av reguleringsplanen i Lillestrøm kommune for å få ei sikker avklaring av omfanget av traseen, plassering av brutårnet og andre forhold. Dette vil avgjere kor stor del av anlegget som avfredingsvarselet vil omfatte.

Gjennom ei eiga tilleggsutgreiing av fleire alternativ for brua, har Statens vegvesen påpeika at alternative måtar å byggje brua på vil vere både vesentleg dyrare, i storleiken 1,5- 1,7 milliardar kroner, ta lengre tid og gi større inngrep i det freda kulturmiljøet.

Freda anlegg frå 1861

Lenseanlegget vart freda i 1987. Fredinga gjeld for anlegget i elva og over 20 bygningar. Fetsund lenser vart etablert i 1861, og var eit av dei største lenseanlegga i landet for tømmer i sitt slag. Det var i aktiv drift fram til 1985.

Fredinga kom etter dagens bru, men den nye brua blir både breiare og høgare. For å unngå å byggje nye pilarar og brukar i elva har vegvesenet valt ei såkalla skråstagløysing. Dei nye brutårna er førebels planlagde til å rage opp mot 85 meter over køyrebanen på det høgaste.

Statens vegvesen har invitert til dialog om å gjere dei høge staga på brua lågare og brua slankare for å redusere påverknaden på landskapet og Fetsund lensar.

–  Det er ingen tvil om at den nye brua vil endre landskapet på Fetsund, konstaterer Geiran.

–  Difor er det svært viktig for oss å sjå på kva justeringar som er mogleg å gjere for å forbetre situasjonen for lenseanlegget, seier ho.

Historikk for den nye brua

Kommunestyret i Fetsund vedtok planprogram for den nye vegen i 2015. Deretter valde Statens vegvesen løysing, og la fram eit forslag til kommunedelplan.

Riksantikvaren hadde motsegn til planen, men trekte motsegna etter at Statens vegvesen ville oppfylle krava til at den nye brua ikkje skulle få fundament ned i elveløpet. Deretter vart kommunedelplanen vedteken i 2020.

Statens vegvesen følgde opp Riksantikvarens motsegn, og dagens bruløysing har ikkje brukar, men er ein hengjebrukonstruksjon. Før planen skal leggjast fram, søkte Statens vegvesen om dispensasjon frå fredinga for bruarbeidet.

Akershus fylkeskommune avslo dispensasjonen, og det er klaga frå Statens vegvesen på avslaget som Riksantikvaren no har behandla.

Sjå meir om planarbeidet på vegvesenets nettstad.

En rekke røde naust av tre langs kanten av en rolig innsjø, med trær i bakgrunnen og en trebrygge som strekker seg ut i vannet under en overskyet himmel.
Kulturminner: Fetsund lenser med hvilebrakkene på siden og Fetsund bru i bakgrunnen. Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren
En trebrygge strekker seg ut i en rolig innsjø med stolper og en liten brokonstruksjon, omgitt av trær og en skyet himmel i bakgrunnen.
Unik: Fetsund lenser er det eneste komplette gjenværende tømmersorteringsanlegget av sitt slag i verden. Foto: Øystein Hagland, Riksantikvaren

Pressekontakt:

Ring oss: 404 65 153
Send oss e-post: kom@ra.no 

En kvinne i mørk blazer og rødbrun rullekrage står utendørs foran en betongvegg og ser på kameraet med et lite smil.
Riksantikvar Hanna Geiran Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren