– No er 18 nye område lagt til den eksisterande oversikta over kulturmiljø av nasjonal interesse i Rogaland, seier Thea Aaberge Wikander, rådgjevar i seksjon for arealplanlegging og miljø hjå Riksantikvaren.
– Rogaland har allereie ei oversikt over kulturmiljø i by og kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Den nye rapporten fangar opp ei større bredde av kulturmiljø som elles ikkje har vore inkludert, seier Wikander.
Dei nye kulturmiljøa supplerer den samla oversikta over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i Rogaland. Rapporten er skriven av Rogaland fylkeskommune, og arbeidet er gjennomført i nært samarbeid med Riksantikvaren og kommunane.
– Denne rapporten er viktig, både for folk i Rogaland og dei som skal forvalte og sikre gode bymiljø og dei vakre landskapa rundt omkring i fylket, seier Wikander.
Store variasjonar
Rogaland er eit fylke med lange kyststrekk, by og land, breie fjordar og smale fjordarmar, daler, hei og fjelltrakter mot aust. Fylket har utvikla seg variert, men med særpreg som vi kjenner att som typisk for Rogaland. Dei store variasjonane i landskap og kulturmiljø sett premissane for variasjonar i landbruk, kystkultur, utnytting av ressursar og levemåte.
– Oversikta er eit kunnskapsgrunnlag for planlegging, og ikkje eit vern. Kulturmiljø og landskap vil alltid være i endring, seier Wikander.
Det er stor variasjon blant dei nyleg tilførte kulturmiljøa. Her finn ein blant anna det maritime kulturmiljøet mellom Engøy, Sølyst og Natvigs Minde i Stavanger. Dette er eit viktig kulturhistorisk område som inkluderer sjøområde og holmar, som representerer kystkulturen i Noreg. Andre kulturmiljø er Visnes gruveområde, eit gruvesamfunn med over 100 års storskala gruvedrift, og Vigatunet, eit godt bevart gardsanlegg som også er museum.
– Med denne oversikta skal kulturmiljøforvaltinga tidleg og tydeleg seie ifrå om kva for kulturmiljø som har nasjonal kulturhistorisk interesse. Det vonar vi kan gje sjølvkjensle og eigarskap til dei store verdiane som er i Rogaland, og at det bidreg til ei meir føreseieleg arealforvalting, seier Wikander.
Følgjande landskap i Rogaland er no del av oversikta:
Engøyholmen – Natvigs Minde – Sølyst
Vibrandsøy
Vatneleiren
Gursli og Liland gruver
Rekefjord øst
Elgjestraum – Hølen – Ørsland
Åna fengsel
Fotland
Industristedet Ålgård med funksjonærboliger
Hjelmelandsvågen og Nordbygda
Jelsa
Kilen
Allmannajuvet
Stakland
Leiranger
Visnes gruveområde
Imslandssjøen
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Går ikke til midlertidig fredning av Retiroparken
Riksantikvaren støtter en grundig konsekvensutredning av utbyggingsplanene i Molde.
– Viktig rapport for Rogaland
Nye kulturmiljø med i nasjonal oversikt.
Planlegging av ny bru ved Fetsund lensar kan halde fram
No varslar Riksantikvaren avfreding for delar av området rundt det freda anlegget, og vil gå i dialog med Statens vegvesen om utforming av ny bru for å minske konsekvensane.
