Istandsetting

Kongegården er igjen ein konge verdig

Et sepiatonet veggmaleri av en løve som står på en stein, innrammet i en bueform over en døråpning innendørs.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Behova var mange da den nye eigaren tok over Kongegården i 2021. Dei rette aktørane vart kopla på prosjektet, og med ein heilskapleg plan har den over 200 år gamle murgarden vorte sett i stand, attendeført på fleire område, og samstundes fått løft som gjer bygningen godt fungerande for framtida. Det gode målarhandverket i interiøra har ikkje berre vore prikken over i-en, men har gitt romma tilbake sin fordoms prakt og skapt atmosfæren som igjen gjer Kongegården ein konge verdig.

VERNESTATUS
Fredet

ADRESSE
Wiels plass 1, Halden

PROSJEKTET
Østby Eigedom, SG arkitekter AS, Østfold fylkeskommune, Lasse Holst AS, Malermester Studsrud AS, Østbys Trevarefabrikk AS, Hellberg & Bjerkeli AS, Thomasrud Snekkeri

KONTAKT
Østby Eiendom

En blekrosa, toetasjes nyklassisistisk bygning med opplyste vinduer står på et gatehjørne, ved siden av en gangvei med lyktestolper og løvløse trær under en overskyet himmel.
Et rom med tre store vinduer, beige og brune panelvegger, dekorative grønne detaljer og et blankpolert, lyst gulv.

Bygningen er sett i stand utvendig, og fargesettinga er attendeført. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Mange ulike målarteknikkar er representerte i bygningen, som marmorering, sjablongdekor, strekdekor, frihandsdekor og stenkdekor. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Kongegården ligg sentralt i Halden, ved det nordlege brufestet, og har ein dominerande plassering i bybildet. Bygningen vart oppført etter ein bybrann i 1817, og stod ferdig i 1820. Garden overlevde den store bybrannen i 1826. Eigar Mads Wiel engasjerte ingeniørmajor Friedrich Christopher Gedde som arkitekt, og bygningen vart teikna i klassisistisk stil med tempelgavl og pilastrar. Murarar frå Uddevalla i Sverige vart henta inn til byggearbeidet.

Taket hadde opphavleg halvrunde loftsvindauge og attikaer på kortsidene. Desse vart fjerna kring 1881 da tegltekkinga vart bytta ut med skifer. Rundt 1900 vart dei halvmåneforma kjellervindauga erstatta med større, firkanta vindauge.

Som byens mest fornemme privatbustad vart bygningen nytta til innkvartering ved kongelege besøk, og har husa kongar som Karl Johan, Oscar I, Karl XV og Oscar II. Dette la grunnlaget for namnet «Kongegården». Etter 1897 var ikkje lenger bygningen bustad for plankeadelen i byen, og har sidan hatt ulike eigarar og vore nytta til næringsverksemd som hotell, serveringsstad, forretningar og pølsemakeri. Bakgardsbygningane vart rivne på 1900-talet i samband med vegutbygging.

Den nåverande eigaren kjøpte eigedomen i 2021. Bygningen hadde da vore nytta til ulike utleigeføremål og hyblar, men fått lite vedlikehald.

Hjørne av et rom med beige og brunt marmormønstrede veggpaneler og en mørkere nedre list, med subtile ådringer og rene linjer.
Nærbilde av en forvitret treoverflate med avskallet maling, som blottlegger sprukne og strukturerte treårer under.

I det eine trapperommet er marmorering, strekdekor og andre detaljar rekonstruerte basert på spor av den tidlegare dekoren. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Under trappa mot kjellaren var det det ein rest av original dekor. Her ser ein korleis det er bygd opp eit fint pussjikt ved å rappe på trepanel. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Bygningen hadde omfattande istandsettingsbehov både utvendig og innvendig da den nye eigaren tok over. Målet var å ta vare på dei antikvariske verdiane og samstundes oppgradere bygningen slik at han tilfredsstilte nye brukskrav. I samarbeid med fylkeskommunen og arkitekt vart det lagt ein heilskapleg plan som kombinerte istandsetting med energieffektivisering og tilrettelegging for utleige av næringslokale.

All puss på fasaden vart fjerna for å utbetre frostskadar og sikre god heft for ny overflate. Det vart lagt ny kalkpuss, og fasaden fekk silikatmaling med attendeført fargesetting basert på historisk dokumentasjon. Dette arbeidet var avgjerande for å bevare murverket og gi bygningen attende sitt opphavlege uttrykk.

Det gamle skifertaket frå 1881 var i svært dårleg stand og vart erstatta med svart glasert teglstein, slik bygningen opphavleg hadde. Samstundes vart dei halvrunde loftsvindauga på kortsidene attendeførte, med sinktekking. Nye takrenner og nedlauypsøyr i sink vart òg monterte.

Innvendig hadde bygningen mange setningsskadar og endringar i opphavleg romstruktur og overflater. Det var viktig i prosjektet å stabilisere konstruksjonen og føre romstrukturen attende. Golva vart avretta for å betre brukbarheita.

Fargar og dekor vart rekonstruerte basert på funn av originale overflater. Det som var att av dekor vart reinska forsiktig fram og regenerert med kokt linolje, medan einsfarga flater omkring dekoren vart måla med linoljemåling. Der dekor mangla, vart han rekonstruert med utgangspunkt i spor frå andre stader i rommet. Dette arbeidet har gitt interiøret eit opphavleg preg og sikra kulturhistoriske verdiar.

Gjennom desse tiltaka har bygningen fått tilbake sitt historiske uttrykk, samtidig som han er tilrettelagt for ny bruk og framtidig vedlikehald.

Det er to trapperom i bygningen. I det eine er det installert heis, medan det andre er bevarte slik det var og sett i stand. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Buet tretrapp med svart rekkverk i en gang med panelvegger og geometrisk mønstrede gulvfliser.

Læringspunkt

  • Heilskapleg planlegging gjer det mogleg å kombinere antikvariske omsyn med nye brukskrav.
  • Ved større vedlikehaldsbehov på til dømes taktekking og fasade kan ein nytte høvet til å attendeføre til originale materialar og uttrykk.
  • Nøye dokumentasjon og vurderingar av fargar og dekor er avgjerande for å sikre autentisk resultat, og for å ta vare på bygningen som kunnskapskjelde.
  • Faglærde handverkarar med relevant erfaring og god forståing er ein suksessfaktor i istandsettingsprosjekt som dette.

Kongegården er rikt dekorert:

Utsmykkede svarte sjablongmotiver, inkludert lyrer og blomstermotiver, dekorerer det øvre hjørnet av en gul vegg nær et hvitt tak med kronlist.
Her vart dekoren berre regenerert med kokt linolje, og elles måla rundt.
Et hjørne av et rom med rød- og svartmalte dekorpaneler; en del av panelet har blottlagt maling som skaller av og avslører lagene under.
Det er sett att referansefelt der ein har funne dette, derdekoren ikkje var i god nok stand til å stå att slik han var.
Beige overflate med spredte svarte malingsflekker og synlig penselstrøkstruktur.
Mange ulike målarteknikkar er representerte i bygningen, som marmorering, sjablongdekor, strekdekor, frihandsdekor og stenkdekor.
Innervegg med geometrisk dekorlist og mønstret listverk som følger vinkelen til en trapp, malt i beige og brune nyanser.
Mange ulike målarteknikkar er representerte i bygningen, som marmorering, sjablongdekor, strekdekor, frihandsdekor og stenkdekor.

Lignende eksempler