Livesending

Riksantikvartimen: EØS-midlene og kulturarv

Webinar i Teams

Fastsatt

tor 12
Kl 09:00 februar
2026
tor 12
Kl 10:00 februar
2026
En stor gruppe festival-deltakere sitter ved Petipsy slott i Tsjekkia, i 2021. De sitter på benker og tepper utendørs, vendt mot en scene, med Petipsy slott i bakgrunnen.
Petipsy slott, Tsjekkia. Festivaldeltakere ved Petipsy slott i 2021. Foto: Arne Valen

Riksantikvartimen: EØS-midlene og kulturarv – nye moglegheiter for samarbeid

Vi inviterer til nok ein Riksantikvartime, denne gongen med fokus på EØS-midlene og kulturarv.

I sendinga gir vi ei innføring i EØS-midlene retta mot kulturarv, og fortel om kva moglegheiter som ligg føre for norske verksemder, organisasjonar og fagmiljø i tida som kjem. Du får oversikt over korleis ordningane fungerer, kva slags prosjekt som kan få støtte, og korleis internasjonalt samarbeid kan styrkje arbeidet med kulturarven.

Vi deler òg konkrete døme på tidlegare prosjektsamarbeid, og viser korleis EØS-midlene har bidrege til verdiskaping, kompetanseutvikling og bevaring av kulturmiljø – både i Noreg og i samarbeid med europeiske partnarar.

Velkomen til ein inspirerande time!

Riksantikvartimen blir sendt som eit webinar i Teams. Du treng ikkje melde deg på eller installere noko – gå inn i denne lenka rett før kl. 9 torsdag 12. februar for å delta på arrangementet.

Har du spørsmål, kan du gjerne sende oss ein e‑post på arrangement@ra.no.

Har du ikkje moglegheit til å delta på direktesendinga? Alle Riksantikvartimane blir lagde ut i YouTube‑kanalen vår.

Fastsatt

tor 12
Kl 09:00 februar
2026
tor 12
Kl 10:00 februar
2026