– Kulturmiljøet vårt fortel historier om korleis menneske har levd, arbeidd og skapt lokalsamfunn gjennom generasjonar. Med tilskota ønskjer vi å støtte prosjekt som tek vare på kulturarvKulturarv: Samlebetegnelse for materiell og immateriell kultur. Betegnelsen kulturarv blir særlig brukt i samarbeidet mellom kulturminneforvaltningen, arkivverket og museumssektoren, sammen med kommunene og lokale lag og foreninger. og som skapar aktivitet og engasjement lokalt, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
For 2026 var søknadssummen rekordstor med om lag 1,3 milliard. Søknadssummen har auka dei siste åra, og spesielt innan ordninga for verdiskapingsmidlar til dei nye bevaringsstrategianene for bygd og by, landbruk, kyst og næring og industri.
– Vi er spent på kor mange som vil søke i år, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– KulturmiljøEt område der kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi kan inngå i et kulturmiljø. Kulturmiljøer kan for eksempel være et byområde, ei setergrend, et fiskevær eller et industriområde med fabrikker og boliger. er meir enn spor frå fortida. Dei er ressurser som kan gje oss kunnskap, næringsutvikling, samarbeid og levande lokalsamfunn, og som gjer verdi for både eigare, handverkare, næring og reiseliv, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Den nasjonale søknadsportalen for kulturminneKulturminner er alle spor etter menneskers liv og virke i vårt fysiske miljø. Begrepet omfatter også steder det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi er kulturminner, eller kan inngå som del av et kulturminne. Kulturminner kan for eksempel være bygninger, hager, gravhauger, helleristninger, båter eller veifar. Disse kan være fra tidligere tider eller fra vår egen tid. Det skilles mellom løse og faste kulturminner., Digisak, opnar 1. oktober. Det er fylkeskommunen som handsamar dei fleste søknadene frå eigarane, medan midlane kjem over statsbudsjettet kvart år.
Fleire ulike tilskot
Riksantikvaren har ei rekke tilskotsordningar for kulturminne. Ordningane som har frist 1. november er:
- Tilskot til verdiskaping i kulturmiljø knytta til bygd og byar, landbruk, kyst, industri og næring
- Freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap
- Teknisk-industrielle kulturminne
- Freda bygg frå før 1537 i privat eige
- Ruinar og anlegg frå mellomalderen
- Brannsikring i tette trehusmiljø
- Fartøyvern
- Fagutvikling i fartøyvernet
- Verdensarvområdene
- Kirkekunst
- Vedlikehold, dokumentasjon og konservering av stavkirker
Sjå oversikta: Desse kyrkjene har søkt om tilskot
Kyrkjebevaringsfondet har fått inn 247 søknader frå 139 kyrkjer for 2027.
Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé
Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.
Eiere søker om 1,2 milliarder til kulturminner
Riksantikvaren har fått inn tilskuddsøknadene til freda kulturmiljø og kulturminner for 2027, og behovene er store.

