Ei fersk måling frå SSB viser at 50 prosent av den norske befolkninga mellom 16 og 79 år er svært interesserte eller ganske interesserte i kulturminneKulturminner er alle spor etter menneskers liv og virke i vårt fysiske miljø. Begrepet omfatter også steder det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi er kulturminner, eller kan inngå som del av et kulturminne. Kulturminner kan for eksempel være bygninger, hager, gravhauger, helleristninger, båter eller veifar. Disse kan være fra tidligere tider eller fra vår egen tid. Det skilles mellom løse og faste kulturminner. og kulturmiljøEt område der kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi kan inngå i et kulturmiljø. Kulturmiljøer kan for eksempel være et byområde, ei setergrend, et fiskevær eller et industriområde med fabrikker og boliger..
Det er opp frå 47 prosent i 2025, og det høgaste talet sidan den første målinga i 2021.
Målinga blir gjennomført årleg som ein del av oppfølginga av dei nasjonale klima- og miljømåla. Målet er at minst 50 prosent skal dele interessa for kulturminne og kulturmiljø.
– Dette er ein viktig og gledeleg milepæl. For første gong seier halvparten av befolkninga at dei er interesserte i kulturminne og kulturmiljø. Dette viser at vi nordmenn er stolte av kulturarven vår, og at stadig fleire ser verdien av historiene, stadane og omgjevnadane som bind oss saman, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
– Målet er å auke den allereie store interessa og det aktive engasjementet for å ta vare på kulturmiljøa våre. Det er staten sitt ansvar å leggje best mogleg til rette for dette, seier Aasland.
Stabilt høgt engasjement
14 prosent oppgir at dei er svært interesserte, og 36 prosent er ganske interesserte. Målinga viser at interessa aukar med alder og utdanning.
19 prosent av den norske befolkninga viser eit aktivt engasjement, noko som er eit stabilt høgt nivå. Det er òg nær målsetjinga om 20 prosent aktive i befolkninga.
– Kulturmiljø er ein ressurs i samfunnsutviklinga, og vi er svært glade for at interessa for kulturmiljø aukar. Samstundes ser vi at det aktive engasjementet held seg på eit stabilt høgt nivå. Det viser at kulturarven betyr mykje for folk, og at mange vil vere med på å ta vare på han, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Det er viktig at kulturarven blir opplevd som relevant for folk i dag. Det gir Riksantikvaren eit sterkt grunnlag for arbeidet med å ta vare på kulturmiljøa våre for framtida, seier Geiran.
Rosar frivilligheita
I internasjonal samanheng har Noreg generelt høg frivillig deltaking.
Målinga viser at både interessa og det frivillige arbeidet på kulturmiljøområdet står sterkt her i landet.
Det siste året deltok 10 prosent av oss i dugnader eller møte.
– Dei frivillige er heilt avgjerande for å ta vare på kulturarven vår. Innsatsen til dei bidreg til å sikre kulturhistoriske verdiar som har stor betydning for fellesskapet. Dette engasjementet kjem heile samfunnet til gode, seier Geiran.
– I Noreg har vi mange frivillige organisasjonar med høg kompetanse, som gjer ein stor innsats for å ta vare på og formidle både materiell og immateriell kulturarvImmateriell kulturarv: Immateriell kulturarv betyr praksis, framstillinger, uttrykk, kunnskap og ferdigheter. For kulturminneforvaltningen er den immaterielle kulturarven knyttet til det vi ikke kan ta på ved et kulturminne. Dette gjelder for eksempel tro, tradisjoner, sagn og hendelser., seier Geiran.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Sjå oversikta: Desse kyrkjene har søkt om tilskot
Kyrkjebevaringsfondet har fått inn 247 søknader frå 139 kyrkjer for 2027.
Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé
Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.
Eiere søker om 1,2 milliarder til kulturminner
Riksantikvaren har fått inn tilskuddsøknadene til freda kulturmiljø og kulturminner for 2027, og behovene er store.


