Nyheter

Riksantikvaren reiser ikkje motsegn

Bergen kommune gjer endringar i kommunedelplan Sentrum. Riksantikvaren ber likevel kommunen stille krav i historiske byrom.

Publisert: 2. oktober 2026

Luftfoto av fargerike, historiske bygninger langs en gate ved vannkanten med uteservering, busser, biler og båter i havnen, omgitt av et tettbebygget nabolag i åssiden og grønne områder.
Bryggen i Bergen Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Bergen kommune har lagt forslag til ei mindre endring av ei føresegn i Kommunedelplan (KDP) Sentrum ut på høyring. Føremålet er å gje større fleksibilitet og føreseielegheit for næringslivet ved å redusere kravet til fri gangbreidd og gje meir rom for uteservering.

Dagens krav om minst 3 meter fri ganglinje er føreslått redusert til eit generelt minimumskrav på 2 meter i heile planområdet. I tillegg blir avgrensinga av uteservering til 1 meters breidd frå vegg fjerna.

Vurderinga til fylkeskommunen

Fylkesdirektøren meiner framlegget ikkje i tilstrekkeleg grad tek vare på kulturmiljøinteressene, og føreslo difor motsegn. KDP Sentrum omfattar mellom anna verdsarvstaden Bryggen og Mellomalderbyen Bergen, som er kulturmiljø av høg nasjonal og internasjonal verdi. Dei peikar på at særleg rundt Bryggen kan auka uteservering og møblering over tid påverke frie gangareal, siktlinjer og karakteren til byromma.

Fylkesdirektøren meiner framlegget til reviderte føresegner er mangelfullt fordi konsekvensane for gjeldande reguleringsplanar med kulturmiljøføresegner ikkje er vurderte.

Vurderinga til Riksantikvaren

Som fagmynde med statleg førstelinjeansvar for Mellomalderbyen Bergen, mellomalderkyrkjer og Bergenhus festning gav Riksantikvaren innspel til Vestland fylkeskommune. Riksantikvaren peika på at planframlegget kan få konsekvensar for gjeldande reguleringsplanar med kulturmiljøføresegner og auke konfliktpotensialet knytt til Mellomalderbyen Bergen, verdsarvstaden Bryggen og Bergenhus festning.

Riksantikvaren støttar med dette vurderinga til fylkesdirektøren i Vestland fylkeskommune om at framlegget kan få konsekvensar for kulturmiljø i Bergen sentrum.

Konklusjon

Riksantikvaren reiser likevel ikkje motsegn, men understrekar at auka fleksibilitet for uteservering har ført til ei uheldig utvikling. Kommunen må derfor stille tydelegare krav om at uteservering blir tilpassa dei historiske byromma og kulturmiljøa i Bergen, og at det òg blir teke større omsyn til mellom anna gatedekke, møblering og kunst i byromma.

Uteserveringa må tilpassast karakteren og dei kulturhistoriske verdiane til det enkelte byrommet.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153