Nyheter

Norsk-rumensk samarbeid

Gjennom EØS-midlane har norske aktørar nå ei unik moglegheit til å tileigne seg ny kunnskap og samarbeide med Romania.

Publisert: 2. juli 2018 | Endret: 30. januar 2024

Bildet viser Restaurering og revitalisering av Slaktertårnet i Baia Mare, Maramures, Romania. Foto: Bogdan Croitoru
Baia Mare Bastionul Macelarilor Restaurering og revitalisering av Slaktertårnet i Baia Mare, Maramures, Romania. Foto: Bogdan Croitoru

Har du allereie ein prosjektidé, men manglar nokon å samarbeide med? Er du interessert i korleis dei jobbar med kulturminne i Romania? Da er dette noko for deg!

Romania har flust av spennande kulturminne og kulturlandskap som er ukjende for mange. Innan kulturminnefeltet vil det vere eit spesielt fokus på verdiskaping og ny bruk av historiske bygg.

Norske kulturminneaktørar, kommunar og fylkeskommunar er invitert til Bucuresti den 12.-13. september for å finne ein rumensk samarbeidspartnar. Gjennom EØS-midlane kan norske aktørar få utgifter til reise og opphald dekka.

Kulturprogrammet i Romania er finansiert av EØS-midlane, og 26,6 millionar euro er sett av til samarbeid innan kultur og kulturarv. Føremålet med partnarseminaret er at rumenske og norske organisasjonar skal diskutere felles interesser og utfordringar, og saman søke om prosjektmidlar når dei første utlysingane kjem seinare dette året. Her er det gode moglegheiter for samarbeid!

Påmeldingsfrist er 6. august. 

Meir informasjon om partnarseminaret og påmeldingsskjema finn du på det rumenske kulturdepartementet si heimeside.

Reisestøtte

Har du ikkje moglegheit til å delta på partnarseminaret i september? Eller har du allereie funne ein eller fleire potensielle partnarar? Da kan du søke om reisestøtte! Dette passer for organisasjonar som ynskjer å møte ein rumensk organisasjon for å vidareutvikle ein prosjektidé. Din kontaktperson i Romania kan få støtte til å reise til Noreg, eller du kan få støtte til å reise til Romania. Beløpet blir gitt som ein «lump sum» (eit fastsatt beløp) som skal dekke både reise og opphald.

Søknadsfristen for reisestøtte er 9. november, og søknader vert behandla fortløpande. Ein må gjennomføre reisa innan 21. desember 2018.

Sjå nettsidene til det rumenske kulturdepartementet for meir informasjon og søknadsskjema.

Meir om EØS-midlane

Meir informasjon om kulturminnesamarbeid innan EØS-midlane finn du på Riksantikvaren sine nettsider.

Kontaktperson hos Riksantikvaren er Desiré Hopen Standal.

Dato 02.07.2018 10:24 endret 12.07.2018 13:12

Mer informasjon:

Meir informasjon om kulturminnesamarbeid innan EØS-midlane finn du på Riksantikvaren sine nettsider.

Påmelding:

Meir informasjon om partnarseminaret og påmeldingsskjema finn du på
det rumenske kulturdepartementet si heimeside.

Påmeldingsfrist er 6. august.

Reisestøtte:

Sjå nettsidene til det rumenske kulturdepartementet for meir informasjon og søknadsskjema.

Søknadsfristen for reisestøtte er 9. november