Tilskudd

Gode tips til søknaden

Her kan du lese meir om kva ein god søknad om tilskot bør innehalde, kven søknaden skal sendast til, og om krav til rapportering.

Det er fylkeskommunane, Sametinget og Byantikvaren i Oslo som er ansvarleg for å handsama søknadar om tilskot frå post 72. delar av 73, 74 og delar av 79. Du kan lese meir om desse tilskotspostane her. Informasjon om krav til søknadene finns på deres heimesider.

Innhaldet i søknaden

Opplysningar om søkjar

  • namn, adresse, e-postadresse, eventuelt kontaktperson
  • telefonnummer
  • bankkontonummer
  • eventuelt organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret
  • har søkjar ekstern revisor/rekneskapsførar
  • er søkjar mva-pliktig eller har han rett til mva-kompensasjon

Omtale av prosjektet/tiltaket

  • namn eller adresse på kulturminnet ein søkjer tilskot til
  • tiltak som er planlagt utført
  • framdriftsplan
  • beløp som det vert søkt om
  • korleis prosjektet/tiltaket er planlagt gjennomført, for eksempel bruk av arkitekt, handverkarar, eigeninnsats
  • referansar frå prosjektleiar og utførande handverkarar frå liknande oppdrag

Økonomisk omtale av prosjektet/tiltaket

Utgifter spesifisert på

  • løn inkludert feriepengar og arbeidsgjevaravgift
  • forbruksmateriell
  • reiser, transport, opphald
  • konsulenthjelp
  • andre utgifter (spesifisert)

Finansiering

  • spesifiert oversikt over tilskot det er søkt om til prosjektet/tiltaket frå Riksantikvaren, fylkeskommunen, kommunen, andre departement, direktorat, private tilskotsordningar eller andre
  • finansieringskjelder
  • eigeninnsats

Det må vere samsvar mellom budsjettet og beløpet det blir søkt om.

Søknaden må også gjere greie for om tiltaket, eller delar av tiltaket, kan gjennomførast ved eit mindre tilskot enn det er søkt om.

Vedlegg til søknaden

  • kostnadsoverslag og tilbod frå utøvande handverkar, arkitekt og liknande
  • beskriving av tiltaket med teikningar og fotografi

Rapportering

Etter at prosjektet er avslutta, skal rekneskap og sluttrapport sendast inn innan fristen som er angitt i vedtaksbrevet om tilskot.
Sluttrapporten skal innhalde relevant dokumentasjon som klart viser korleis arbeida/tiltaket/prosjektet er gjennomført og om måla er nådd. Sjå tilskotsbrevet for nærmare informasjon om krav til rapportering.

Rapporten skal innehalde opplysningar om samla finansiering:

  • spesifisert oversikt over mottekne tilskot til prosjektet/tiltaket frå Riksantikvaren, fylkeskommunen, kommunen, andre departement, direktorat, private tilskotsordningar eller andre finansieringskjelder
  • eigeninnsats

Rekneskapen for prosjektet/tiltaket skal leggjast ved (rekneskapen må vere signert).

Rekneskap

Tilskuddsmottakar skal sende inn rekneskapsoversikt for arbeidet/tiltaket/prosjektet, som skal vere signert av tilskotsmottakar, eventuelt av styret. Den skal innehalde oversikt over kostnader og finansiering, satt opp i henhold til søknadsbudsjettet. Avvik skal vere forklart. Det vil seie at årsaka til auke eller reduksjon i kostnader, eventuelt kva kostnadene er knytt til, samanlikna med budsjettet i søknaden skal gå fram. Riksantikvaren/fylkeskommunen/Sametinget kan krevje kopiar av rekneskapsbilag.

Publisert: 16. desember 2019 | Endret: 11. januar 2023