Oppland og Hedmark, som frå 01.01.2020 gjekk saman i Innlandet fylkeskommune, har arbeidd med prosjektet kvar for seg. I Hedmark er høyringsutkastet framleis under arbeid.
Høyringa går til dei kommunane der vi foreslår landskap, til styresmakter på regionalt nivå, næringsorganisasjonar, museum, frivillige organisasjonar og andre aktuelle organ. KULA Oppland vil først og fremst ha direkte verknad for arealplanlegging og forvaltning i kommunar og hos andre styresmakter. Høyringa er open og alle har moglegheit til å komme med innspel.
Forslaga omfattar 18 landskap i Oppland som Riksantikvaren foreslår skal inngå i KULA-registeret. På grunnlag av merknader frå høyringa vil vi utarbeide ein endeleg rapport. Landskapa skal til saman vise det kulturhistoriske mangfaldet i fylket. KULA-områda omfattar landskap i rurale område og viser blant anna spor etter ulike næringsvegar, ferdsel og busetjing.
I Oppland inngår desse 18 landskapa i høyringsforslaget:
- Dovrefjell, Dovre kommune
- Grimsdalen, Dovre kommune
- Dalbotnen i Lesja, Lesja kommune
- Strynefjellet aust, Skjåk kommune
- Nordherad, Vågå kommune
- Bøverdalen, Lom kommune
- Tesse og Smådalen, Lom og Vågå kommunar
- Heidal, Sel kommune
- Gjende og Sjodalen, Vågå og Lom kommunar
- Dokkfløy og Murudalen, Gausdal, Sør-Fron, Nord-Fron og Sel kommunar
- Frya – Harpefoss, Sør-Fron kommune
- Vinstre, Øystre Slidre og Vang kommunar
- Filefjell aust, Vang kommune
- Stølsvidda, Nord-Aurdal og Vestre Slidre kommunar
- Vassfaret, Flå, Nesbyen og Sør-Aurdal kommunar
- Randsfjorden, Søndre Land kommune
- Balke – Lillo og Kapp, Østre Toten kommune
- Granavollen, Tingelstadhøgda og Røykenvik, Gran kommune
Landskapet har alltid vore i endring, men tempoet og omfanget av endringane i vår tid aukar i en slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Utfordringa er å forvalte landskap på ein måte som både tar vare på og vidareutviklar det i eit langsiktig perspektiv.
Med KULA-registeret vil Riksantikvaren bidra til at nasjonalt viktige landskap blir tekne vare på i planlegginga. Dette er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og blir gjennomført i nært samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning og med involvering av kommunane.
Kulturmiljøforvaltninga signaliserer med KULA-registeret tydeleg kva for landskap som har nasjonal interesse, og ønskjer med dette å bidra til ei meir føreseieleg arealplanlegging. Registeret skal være et verktøy for planlegging i kommunane og hos andre styresmakter. Det er ferdig for Østfold (2015), Hordaland (2016), Troms (2018), Buskerud (2020) og Agder (2021) og arbeidet er i gang i dei fleste fylke.