Nyheter

Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2021 er tildelt Reinert Kjølleberg

Kjølleberg er bonde på Vest-Lista og driv med kjøtt- og mjølkeproduksjon i eit område med svært store kulturlandskapsverdiar. På 1990-talet vart området på Vest-Lista registrert som eit nasjonalt verdifullt kulturlandskap og i 2009 inngjekk det i dei 20 fyrste utvalgte kulturlandskapa i jordbruket (UKL).

Publisert: 16. august 2021 | Endret: 29. januar 2024

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2021 er tildelt Reinert Kjølleberg, Vanse i Agder. Foto: TINE

Eigedommens kystline er verna og høyrer til Listastrendene landskapsvernområde som har eit eigenarta natur- og kulturlandskap.

Reinert Kjølleberg har over lang tid kombinert moderne jordbruksdrift med ein betydeleg innsats for å ta vare på og formidle verdiane i kulturlandskapet. Den iherdige innsatsen hans med å setja i stand steingjerder har vore imponerande. Steingjerda, som er typiske kulturminneverdiar i Lista-landskapet, er vakre element i landskapet og nyttige i gardsdrifta.

Ved Kjøllebergs innsats og velvilje har allmennheita fått auka tilgjengelegheit til kulturlandskapet. Han har inngått 10-årige turstigavtaler for den delen av Kyststien som går over eigedomen hans, vel 800 meter.

Også når det gjeld naturmangfald gjer Kjølleberg ein god innsats. Han skjøttar naturbeitemark ved Pennehuset der dyra hans som er lyngdalsfe, beitar. Dette viser samanheng mellom natur og bygningar og forankrar den norske kulturarven i kulturlandskapet på ein god måte.

Prisen vart tildelt i dag av landbruks- og matminister, Olaug Vervik Bollestad på garden Kjøllestad.

Gratulerer!

Reinert Kjølleberg
Reinert Kjølleberg Foto: TINE

Les meir om utdelinga på nettsida til Norsk Kulturarv