Utvakgte kulturminner
Tekniske og industrielle kulturminne
Tekniske og industrielle kulturminneKulturminner er alle spor etter menneskers liv og virke i vårt fysiske miljø. Begrepet omfatter også steder det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi er kulturminner, eller kan inngå som del av et kulturminne. Kulturminner kan for eksempel være bygninger, hager, gravhauger, helleristninger, båter eller veifar. Disse kan være fra tidligere tider eller fra vår egen tid. Det skilles mellom løse og faste kulturminner. vitnar om framveksten av det moderne Noreg og dei strukturelle endringane som skjedde i samfunnet.
Industrialiseringa av Noreg har sett mange spor etter seg i landskapet, og har skapt mange nye kulturminne.
Strukturelle endringar innanfor industrien har bidratt til at mange tekniske og industrielle kulturminne vart ståande tomme etter at den opphavlege drifta vart lagt ned. Men det finst mange gode eksempel på ny bruk av dei historiske industrianlegga med nye næringar og arbeidsplassar. Samstundes blir nye tekniske og industrielle kulturminne skapt i takt med nye endringar i samfunnet.
Kva er tekniske og industrielle kulturminne?
Riksantikvaren definerer tekniske og industrielle kulturminne slik:
Tekniske og industrielle kulturminne er spor etter industriell kultur som er av historisk, teknologisk, sosial, arkitektonisk eller vitskapeleg verdi. Tekniske og industrielle kulturminne omfattar bygningar og produksjonslinjer med maskineri, transport og annan infrastruktur, så vel som stadar brukt til sosiale aktivitetar som bustadar, religiøse byggverk, skolar, rekreasjons- og grøntanleggGrøntanlegg: Areal som hovedsakelig er opparbeidet med vegetasjonsdekte flater, blant annet for sports-, rekreasjons- eller prydformål..
Dei komplekse anlegga med mange ulike typar kulturminne gir til saman ei spanande forteljing om norsk næringsliv og industrihistorie.




