Nyheter

Kostnadar ved arkeologi i Bybanebygginga

Kostnadsoverslaget for arkeologiske undersøkingar og miljøovervaking for bybanetraseen over Bryggen er klart. NIKU (Norsk Institutt for Kulturminneforsking) har utarbeida overslaget, og Riksantikvaren har no se ndt dette til Bergen kommune.

Publisert: 26. mai 2023 | Endret: 29. januar 2024

Bryggen i Bergen Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Bybanetraseen er planlagt å gå gjennom eit av dei viktigaste kulturhistoriske områda i Noreg, som óg er verdsarv, seier avdelingsdirektør for samfunnsavdelinga Elisabeth Dahle. – Kostnadsoverslaget skal syne kva for arbeid arkeologane skal gjennomføre og kva NIKU estimerer at dette vil koste, seier Dahle.

I kostnadsoverslaget frå NIKU er arkeologiske undersøkingar og miljøovervaking estimert til å koste kr. 361 750 000,-. Overslaget er ein viktig del av grunnlaget for politikarane som skal vedta bybaneprosjektet når det gjeld totalkostnadene for realisering av Bybane frå Bergen sentrum til Åsane.

Kostnadsoverslaget er ikkje eit endeleg budsjett, men baserer seg på planforslagets detaljar om byggearbeida for Bybanen pr. i dag. Riksantikvaren vil først kunne fatte vedtak etter kulturminnelova § 10 når det ligg føre ei detaljprosjektering. Etter forskrifta til lova er det NIKU som utfører arkeologiske undersøkingar i dei norske mellomalderbyane Bergen, Oslo, Trondheim, Tønsberg, Sarpsborg, Hamar, Skien og Stavanger.

Utgravingar i mellomaldergrunn

Mellomalderbyen Bergen og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi. Det er eit stort anleggsarbeid som skal gjennomførast i tusen år gamle kulturlag, Funnpotensialet i området er stort, og det er viktig at dei historiske spora sikrast for ettertida.

– Det vil alltid vere usikkerheit til stades ved så store anleggsarbeid i område der det er freda arkeologiske kulturlag. Når kommunen har planlagt byggearbeida i detalj, vil også kostnadsoverslaga kunne endre seg, seier Dahle.

Etter at Riksantikvaren bad fylkeskommunen om å reise motsegn i desember 2022, sendte Bergen kommune ut eit revidert planforslag før påske i 2023. Riksantikvaren sin vurdering er at reguleringsplanen for Bybanen, Bergen sentrum – Åsane kan godkjennast. Føresetnaden for at den reviderte planen vart godkjent er at det vert gjennomført arkeologiske granskingar og avbøtande tiltak, for å sikre kjeldeverdi og langsiktig bevaring av kulturlag i planområdet og tilgrensande område. Anslaget for kva dette vil koste ligg no føre, etter avtale med Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.

Store arkeologiske utgravingar i Noreg

Bybanetraseen skal byggast på mellomaldergrunn som er freda. Ved store infrastruktur- og utbyggingsprosjekt i mellomalderbyane, som Bybanesaka, vert det sett krav til arkeologiske undersøkingar, slik at samfunnet kan sikre kjeldeverdien og historia som finst i dei viktige kulturminna under bakken.

Det har vore store utgravingar i Bergen tidlegare. Mest kjend er utgravingane etter den store brannen som la fleire av bygningane på Bryggen i grus i 1955. Utgravingane synte mellom anna at Bryggen hadde historie frå før Hansatida, og det vart gjort mange spektakulære funn og utgravingane gav mykje ny kunnskap om Bergens tidlege historie. Etter den store Bryggen-utgravinga har det blitt utført arkeologiske undersøkingar i Bergen sentrum, men ingen har hatt så stort omfang som Bybaneprosjektet. Dette vil være den største arkeologiske undersøkinga i Bergen sidan Bryggen-utgravinga. Her kan vi finne strukturar som rester etter kaikonstruksjonar, bygningar og vegfar, og eit stort antal gjenstandar som kan fortelje oss om korleis byfolket levde i mellomalderen. Sandbrogaten-området har spor etter nokre av byens eldste busetnadar. Undersøkingane i dette området kan gje oss spanande, ny informasjon om kvar dei tidlegaste bergensarane budde, og korleis dei levde. Har det vore ein kaifront ved Vågsallmenningen/Torget-området, som på Bryggen? Massane her ser ut til å ha liknande bevaringstilhøve som i Bryggen-området, og her kan ein finne gjenstandar frå handel, daglegliv, hushald, handverk med meir. Tidlegare undersøkingar på Vågsallmenningen har blant anna påvist importerte matvarer så tidleg som i vikingtid.

I Oslo har det dei siste åra vore store undersøkingar i samband med utbygging i Bjørvika og ved bygginga av Follobana. Follobana går i dag i tunnel gjennom freda mellomaldergrunn mot Oslo sentralstasjon. Utgravinga i Mellomalderbyen Oslo starta for alvor i 2014, og utgravingane som vart gjennomført har resultert i mange spanande funn og ny kunnskap om Oslo si eldre historie. Follobana har vore eit viktig samferdsleprosjekt for Oslo og omegn, Kostnadane for utgravinga av Follobana er foreløpig estimert til å ligge på rundt 314 millionar kronar.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153

Pressekontakt, NIKU

23 35 50 00 –  Anbjørg Reinsnos, anbjorg.reinsnos@niku.no