Oppdrettsselskapet World Heritage Salmon ønskjer å etablere eit oppdrettsanlegg inne i fjellet ved innseglinga til Geirangerfjorden. Planområdet dekker delar av Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, eit område med store natur-, kultur- og landskapsverdiar.
– Vårt faglege ansvar er å reise motsegn når verdsarvverdiane er truga, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Her ser vi eit tiltak som står i klar konflikt med dei framifrå og universelle verdsarvverdiane som finst i Vestnorsk fjordlandskap. UNESCOs internasjonale ekspertar på verdas naturarv, IUCN, rår klart i mot denne utbygginga, seier Geiran.
Riksantikvaren har eit særskild ansvar for verdsarv med koordineringsansvar for oppfølginga av Noreg sine plikter etter verdsarvkonvensjonen. Riksantikvaren vurderer dei samla konsekvensane dette oppdrettsanlegget vil ha for den unike naturarven som har fått verdsarvstatus i Geiranger. Noreg har både eit nasjonalt og internasjonalt ansvar for å ta vare på verdsarven.
– Det er stor uvisse knytt til sentrale delar av saka, som utslepp til verdsarvfjorden Sunnylvsfjorden og handsaming av overskotsmasse frå utsprenging av fjellhallane, seier Hanna Geiran. – Tala vi har fått presentert peikar også på nitrogenutslepp i fjorden tilsvarande utslepp frå ein million menneske, og eit uttak av massar som er nesten 17 gonger større enn den nye Indreeidstunnelen på 4,9 km. Dette er store tal.
Det er ikkje berre Riksantikvaren som har innvendingar til tiltaka som er foreslått i Raudbergvika. Administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at tiltaket er i konflikt med verdsarvstatusen, og at eit slikt omfattande anlegg vil sette verdsarvstatusen på spel.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har, som Riksantikvaren, også reist motsegn til tiltaket og peikar på fare for verdsarvverdiar, uvisse kring massehandtering og langtidspåverknad for Storfjorden.
IUCN (Verdas naturvernunion), UNESCO sitt rådgjevande organ var på synfaring i 2021, og har også vurdert konsekvensutgreiinga for tiltaket. Dei konkluderer med at tiltaket ikkje samsvarar med å bevare dei framifrå universelle verdiane i verdsarvområdet. UNESCO har også sjølv i brev frå 6. november 2023 varsla at dei er bekymra for utviklinga.
Store inngrep i naturen
Tiltaket kan føre til positive endringar og samfunnsverknader for lokalsamfunn i området. Samstundes er det stor risiko for betydelege miljøskadar og verknadar på landskap, geologiske prosessar, geologisk mangfald og geotopar, maritimt naturmangfald, kulturmiljø og kulturminne.
Verknadane vil kome både i anleggsfase (første byggjetrinn fire år, samla anleggsfase 10 år) og i driftsfase. I tillegg har fleire utgreiingstema til dels stor uvisse og det er også faglege usemje knytt til nokre av dei.
Anlegget skal produsere 100 000 tonn laks pr. år ved full kapasitet. I 2022 blei det i Noreg produsert om lag 1,5 millionar tonn laks. Totalt skal ein sprenge ut 5,5 millionar kubikkmeter faste massar, som i transporttilstand svarar til 10 millionar kubikkmeter. Av dette reknast 9,1 millionar kubikkmeter som overskotsmasse. Til samanlikning vart det, i samband med den nye 4,9 km lange Indreeidstunnelen på fv. 63, planlagt å sprenge ut av 330 000 kubikkmeter faste massar.
Nitrogenutslepp til Storfjorden kan bli på mellom 3200 og 4500 tonn årleg ved full kapasitet. I gjennomsnitt produserer kvar enkelt av oss om lag 4,4 kg nitrogen årleg (NIVA). Teoretisk kan dei samla nitrogenutsleppa samanliknast med utsleppa frå rundt ein million menneske.
Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap
Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, vart skrivne inn på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader den 14. Juli 2005. Dei reknast som to av dei viktigaste fjordområda på planeten. Bergveggane langs Geirangerfjorden stig opp til 1400 meter over havet og 500 meter under havoverflata. Langs dei stupbratte veggane finst det tallause fossar, elvar som renn gjennom lauvskog og barskog. Kulturlandskapet, med dei spektakulære fjellgardane og stølene, er for mange einstydande med Vestlandet.
– I og rundt Geirangerfjorden er det store natur- og kulturarvverdiar, både på land og i sjøen med undersjøiske morenar og marine pattedyr. I innskrivinga er det lagt særleg vekt på fjordlandskapet med aktive geologiske prosessar og det vakre landskapet frå fjord til fjell, som viser utviklinga i landskapet frå siste istid og fram til i dag, seier Geiran.
Noreg har forplikta seg til å ta vare på Vestnorsk fjordlandskap som del av verdas naturarv gjennom ratifiseringa av UNESCOs verdsarvkonvensjon. Dette ansvaret inneber at bevaring av verdsarven skal følgje beste moglege praksis, for alle dei åtte norske verdsarvstadane.