Nyheter

Kulturminneprisen til vegvisare innan brearkeologi

Reidar Marstein og Per Dagsgard, to pionerar innan brearkeologi, har fått Riksantikvarens kulturminnepris for 2024. To vegvisarar og læremeistrar. To verdige vinnarar!

Publisert: 24. september 2024

Reidar Marstein og Per Dagsgard på fjelltur med Hanna Geiran i haust. Foto: Frys film

–  Det er ei stor ære å få heidra Reidar Marstein og Per Dagsgard med Riksantikvarens kulturminnnepris, seier riksantikvar Hanna Geiran.  – Eg har sjølv fått vere med Reidar og Per på tur, og sett det fantastiske arbeidet dei gjer på nært hald i den flotte fjellheimen, seier Geiran. 

Reidar Marstein og Per Dagsgard har gjort ein uvurderleg innsats for å auka kunnskap om kulturminne og kulturhistorie på Noregs tak – i Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Tusenvis av kulturminne er funnen, plotta med GPS og skildra, og delt med kulturminneforvaltinga og barn og unge i skulen.

Innverknaden deira går langt utover det lokale. Begge har gjort oppdagingar av nasjonal og internasjonal tyding. Begge er pionerar innan brearkeologi. Med klimaendringar og bresmelting som eit mørkt bakteppe har dei gått føre for å sikre den sårbare kulturarven i fjellheimen. 

–  Klimaendringa gjer at breane i Noreg smeltar i høgt tempo, og då blir fleire tusen år gamle kulturminne eksponert for vêr og vind. Per og Reidar bidreg til å sikre at desse spora ikkje går tapt, og at vi også i framtida kan sjå slike funn på museum, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Fleire funn i Breheimen

I 1974, då Per var student, fann han eit komplett spyd med treskaft frå vikingtida, nyleg smelta ut av isen på Lendbreen i Breheimen.  

I 2002 byrja Reidar å gjera funn ved iskanten. Han gjorde ei epokegjerande oppdaging i 2006, då han fann ein 3300 år gammal hudsko ved Langfonne i Jotunheimen – Noregs eldste sko. 

Brearkeologiske arbeidet i Innlandet

Hausten 2006 vart arkeologar i fylkeskommunen med Per og Reidar til Lendbreen i Breheimen og Langfonne i Jotunheimen. Dei vart vegvisarar og læremeistrar, og sidan den gong har det blitt samla inn 4000 brearkeologiske funn, dei eldste opptil 6100 år gamle. No er det også kome på plass eit brearkeologiske sikringsprogrammet, som er eit samarbeid mellom Innlandet fylkeskommune (IFK) og Kulturhistorisk museum i Oslo (KHM). 

Nysgjerrig på folk og funn

Uteliv var en naturleg del av oppveksten. Det var opplevingar på setra, fiske, jakt, bærplukking – og alt anna som høyrde tida til. Både Per og Reidar så tidleg at skogane og fjella var fulle av spor etter menneske. Dei vart nysgjerrige og spurde eldre folk og fekk meir kunnskap. I kvar fjellområda registrerte dei det dei så. Fleire og fleire kulturminne vart sette på kartet. Alt gjort på fritida.  

I 2022 opna utstillinga «Frose i tid» på Norsk fjellsenter i Lom, med 100 av dei flottaste funna frå isen ut, inkl. spydet og skoen som Per og Reidar fann. Utstillinga er dagsaktuell med omsyn til klima og berekraft. Oppdagingane og registreringane som Reidar og Per har gjort har bidrege til heilt ny kunnskap om livet på Noregs tak frå steinalder og fram til vår tid. Dei har delt av kunnskapen sin på alle vis, gått føre og inspirert allmenta og det arkeologiske fagmiljøet.

Per Dagsgard, Reidar Marstein og Hanna Geiran på tur i fjellheimen. Historier blir fortalt, kunnskap blir formidla. Foto: Frys film

Juryen si grunngjeving

Som pionerar innan brearkeologi har Reidar Marstein og Per Dagsgard gjort ein uvurderleg innsats for å auka kunnskapen om kulturminne og kulturhistorie i Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. 

Oppdagingane og registreringane som Reidar og Per har gjort, har bidrege til heilt ny kunnskap om livet på Noregs tak frå steinalder og fram til vår tid. Dei har delt av kunnskapen sin på alle vis, og har vore vegvisarar og læremeistrar for kulturmiljøforvaltinga. Dei har og gått føre og inspirert allmenta og det arkeologiske fagmiljøet.

Reidar Marstein (v) og Per Dagsgård på Lomseggen. Foto: Espen Finstad, Innlandet fylkeskommune
Reidar Marstein i Jotunheimen. Foto: Espen Finstad, Innlandet fylkeskommune.
Per Dagsgard med Lendbreen bak. Foto: Espen Finstad, Innlandet fylkeskommune.

Tidlegare vinnarar av Riksantikvarens kulturminnepris: 

2023: Sigurd Svendsen og Forbondeunioen
2022: Venner av Aurlandsdalen
2021: Møllstunet i Geiranger
2020: Inga Næss
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreininga Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegarden v/eigarane Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skule og handverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti 

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for: 

  • registrering, bevaring og/eller restaurering av kulturminne 
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt 
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne 
  • frivillig innsats for bevaring av kulturarven 

Om prisen 

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 75 000 kroner. 

Pressevakt Riksantikvaren

Ikkje send sms, telefonen blir vidarekopla.
Telefonen er betjent i vanleg kontortid.
Tel: 404 65 153