Nyheter

Motsegn i Luster

Riksantikvaren meiner at omsynet til Solvorn strandsitjarstad, kulturlandskapet i Lusterfjorden og verdsarven Urnes stavkyrkje må vege tyngre enn ei ny småbåthamn med parkering og veg 

Publisert: 10. mars 2025

Solvorn strandsitjarstad: Sorenskriverboligen Christianelyst er fredet. Foto: Marit Westli Arntzen, Riksantikvaren.

Solvorn er eit viktig kulturmiljø og innfallsport til Urnes stavkyrkje frå 1100-talet,  som er oppført på UNESCOs verdsarvliste. Solvorn er ein del av Luster kommunes nyleg vedtekne buffersone til verdsarven, og kulturlandskapet kring fjorden har stor nasjonal verdi.  

– Vi er opptekne av å ta vare på heilskapen i området, seier avdelingsdirektør Linda Veiby hjå Riksantikvaren.  

– Vi må unngå stor negativ påverknad på kulturminne, kulturmiljø og landskap av nasjonal og internasjonal interesse. Riksantikvaren har forståing for at ein ynskjer småbåthamn i Lustrafjorden, men vi meiner at det må vere mogeleg å finne alternative plassar til ei småbåthamn utafor Solvorn, seier ho vidare. 

– Samspelet mellom strandsitjarstaden Solvorn, landskapet som er valt ut som Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse og verdsarven Urnes stavkyrkje med dei internasjonale forpliktingane som følgjer, veg etter Riksantikvaren si vurdering tyngre enn samfunnsnytta til ei småbåthamn, seier Veiby. 

– Eit stort monument over fjern fortid

Kommunen legg opp til eit nytt areal for småbåthamn i Solvorn med 70 båtplassar og parkeringplass, samstundes må dei og regulere inn ein ny veg. Dette er tiltak som i sum fører til for store endringar og som er av ein storleik og karakter som kulturmiljøet ikkje toler.  

– Urnes stavkyrkje er ei lita kyrkje, men eit stort monument over fjern fortid både for Noreg og Nord-Europa. Stavkyrkjene er vårt bidrag til verdas arkitekturhistorie, og Urnes stavkyrkje er ikkje berre Noregs, men heile verdas arv, seier Veiby.  

Og legg til: 

– Noreg har sett eit høgt ambisjonsnivå for verdsarven vår. Stadene skal vere fyrtårn for beste praksis innafor natur- og kulturforvalting, og områda skal ivaretakast på beste måte for nålevande og framtidige generasjonar. 

Buffersona rundt ein verdsarvstad skal være ein buffer mot endringar som kan svekke verdsarvverdiar, og Luster kommune har følgd opp føringane frå Unesco om å lage ein slik plan.  

Den inkluderer landskap, som er med på å styrke den historiske forståinga av verdsarven og siktliner til og frå stavkyrkja.  

Å vere ein verdsarvstad forpliktar. Difor sett Unesco krav om at tiltak ikkje skal tillatast så lenge konsekvensane er usikre, eller om det er påvist uakseptabel konflikt med verdsarvverdiane. 

– Kommunen si eiga konsekvensutgreiing for småbåthamna konkluderer til dømes med at tiltaka i buffersona til Urnes stavkyrkje kan påverke opplevinga av området, og slik sett er det i strid med føre var-prinsippet for verdsarven, seier Veiby.    

Eit unikt område med røter i vikingtida

Verdsarvstaden Urnes stavkyrkje er eit unikt døme på dei mange stavkyrkjene som ein antar har stått i Europa. Berre 28 finst i dag, med Urnes som eit framifrå døme.  

Det storslegne og godt bevarte fjordlandskapet rundt verdsarvstaden Urnes stavkyrkje bidreg til opplevinga av stavkyrkja, og gjev ei betre forståing av den samanhengen ho var og er ein del av.  

Gardsdrifta og ferdselen på fjorden førte med seg  velstand og ein maktkonsentrasjon som gjorde at ein allereie på 1000-talet kunne bygge den første stavkyrkja på Ornes.  

– Kystkulturen er ein viktig del av historia kring Urnes. Fjordarmen og landskapet rundt gav grunnlag for å leve gode liv på Solvorn. Her er det lange liner i kulturmiljøet, seier Veiby. 

Solvorn strandsitjarstad har ei lang historie som strandstad med busetnad tilbake til vikingtida. På 1600-talet utvikla Solvorn seg til ein tettstad, med handelsstad, skysstasjon, og etter kvart gjestgjevargard og tingstove.  

I Solvorn er alle husa på sorenskrivargarden Christianelyst freda, og sjølve tettstaden er regulert til vern. 

– Solvorn har framleis sin opphavlege kontakt med fjorden. Den er eit døme på tidleg tettstadsutvikling på Vestlandet, slik arkeologane tenkjer seg at til dømes tettstaden i Bjørgvin såg ut før den vart til Bergen, seier Veiby. 

Sjølve Lustrafjorden med Urnes i Luster kommune er valt ut som eit av områda i Riksantikvarens oversikt Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Områda som er peika ut som nasjonalt interessante områder, skal saman syne mangfaldet i historia.  

 

Motsegn i Luster

Les brevet:

Motsegn i Luster

Motsegn i Luster

Riksantikvaren meiner at omsynet til Solvorn strandsitjarstad, kulturlandskapet i Lusterfjorden og verdsarven Urnes stavkyrkje må vege tyngre enn ei ny småbåthamn med parkering og veg