Nyheter

Kulturarven skal vere for alle

Riksantikvaren kjem no med ein ny rettleiar for universell utforming av kulturminne.

Publisert: 19. mai 2025

Edvard Munch videregående skole: Det opprinnelige inngangspartiet ligger ut mot en svært trafikkert vei. Det smale fortauet og terskelen opp til døren gjorde det vanskelig å gjennomføre tiltak for universell utforming uten at inngangspartiet ble svært endret. I dette tilfellet ble det vurdert at fordelene var større enn ulempene ved å ta det påkostede inngangspartiet ut av bruk. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.

– Universell utforming er bra for alle, slår assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll fast.
– Kulturarven skal kunne opplevast av alle, og difor har vi laga ein ny rettleiar som skal gjere det enkla re å tilpasse verna bygningar og anlegg.
Rettleiaren skal vere til hjelp for eigare og myndigheitar, og er utarbeida saman med blant anna Statsbygg, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Fortidsminneforeningen, Kulturdirektoratet og Akershus fylkeskommune. I samband med rettleiaren er det laga gode eksempel til inspirasjon, som visar korleis ein kan få til universell utforming på freda eller verna bygningar.

Les rettleiaren her. 

Sjå gode døme på universell utfoming av kulturminne her.

– For samfunnet har universell utforming og tilgjengeleggjering av kulturminne og kulturmiljø svært mykje å seie – universell utforming handlar om sjølvstende i kvardagen for alle, seier Skeidsvoll.

– Universell utforming handlar både om å møte spesifikke behov og å skape løysingar som er gode for alle.

Samtundes, i freda anlegg er det ikkje alltid mogleg å tilfredsstille alle krava til universell utforming etter plan- og bygningslova og teknisk forskrift. Ei løysing som blir opplevd som god éin stad, kan gje uheldige konsekvensar ein annan stad.

– Difor er det viktig med både samarbeid med fleire partar og skreddarsaum til anlegget ein skal gjere tiltak på, seier Skeidsvoll.

– Gode døme på universell utforming har me over heile landet, men vi treng fleire, for behova er reelle.

Til dømes har dei freda bygningane Edvard Munch vidaregåande i Oslo fått til gode løysingar, NBMU, Haugesund Folkebibliotek, Rådhuset i Sortland, Kongsvoll fjellstue og fartyget Hestmanden fått til gode løysingar.

Gode råd om prosess

Rettleiaren gjer råd som kan bidra til ein god prosess for å planleggje tiltak.

– Med ein grundig og inkluderande prosess med dei relevante partane involverte vil det i dei aller fleste tilfella vere mogleg å få til gode løysingar som både betrar tilgjengelegheita og tek i vare dei kulturhistoriske verdiane.

Prosessen handlar om å setje mål, kartlegge både kulturminnet og behovet for tilpassing, og gjere forventningar og ønske frå både eigare og brukarane tydlege, slik at dei kan realitetsvurderast.

Som kulturminnemyndigheita har vi ansvar for å leggje særleg vekt på tiltak med vesentleg betydning for samfunnet. Dette gjeld i høgaste grad universell utforming, seier Skeidsvoll.

Det er nødvendig å vurdere tiltak for blant anna nedsett rørslefunksjon, høyrsel eller nedsett syn og orienteringsevne.

Døme på tilpassing kan vere trinnfrie tilkomst, heisar og ramper, kontrastar i fargar og materiale, eller teleslyngje som kan forbetre lydkvaliteten ved samtalar. Vidare kan strategisk belysning tydeleggjere visuell kommunikasjon, for eksempel viktig skilting. Informasjon bør vere tilgjengeleg både skriftleg og visuelt, og brannalarmsystema bør vere både synlege og høyrlege for alle.

Kulturarven skal vere for alle