
Om prosjektet
Hotel Union Øye, eit ikonisk hotell i Norangsdalen, har gått gjennom ei omfattande utviding og restaurering. Enerhaugen Arkitektkontor vart engasjert i 2019 for å gjennomføre reguleringsendringar og arkitektarbeid. Målet var å auke kapasiteten til hotellet for overnatting, bevertning og arrangement, samtidig som eigarane ville ta vare på og bevare verdiane ved det historiske hotellet.
ADRESSE
Norangdal 41, Norangsfjorden
VERNESTATUS
Verna etter plan- og bygningslova
PROSJEKTET
Enerhaugen Arkitektkontor, Grindaker AS, Arkadia Landskap, Knut Brekke Siv Ark, Sporstøl Arkitekter, Møre og Romsdal fylkeskommune
KONTAKT
Hotel Union Øye
Hotellet er monumentalt, men likevel ikkje ruvande i det store landskapet. Når ein kjem frå kaia er endringane lite synlege. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren
Til høgre i bildet ser ein det nye tilbygget i sveitsarstil. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren
Historikk
Hotel Union Øye vart oppført i 1891 i Norangsdalen på Sunnmøre, og er eit framifrå døme på sveitserstilarkitektur. Bygningen vart levert som prefabrikkerte element frå Thams fabrikk, Strandheim Brug, på Orkanger. Hotellet har vore eit populært reisemål for kongelege, forfattarar og fjellfolk gjennom generasjonar, og er i dag verna som eit regionalt verdifullt reiselivsminne, og som eitt av fire bevarte trehotell i fylket.
Ønsket om å utvide oppstod tidleg på 2000-talet, både for å auke kapasiteten og å møte moderne krav til komfort og tryggleik. Om- og tilbygging har vore behandla i to omgangar med omtrent ti års mellomrom, i tett dialog med Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dei første planane møtte kritikk for å bryte med sveitserstilen og dominere den opphavlege bygningen. Som svar vart designet revidert fleire gonger i samarbeid med antikvariske styresmakter. Justeringar i takformer, materialval og detaljar vart gjort for å sikre ei heilskapleg og respektfull utforming. Samtidig vart det etablert eit tettare samarbeid på initiativ frå eigarane mellom lokale styresmakter og bevaringsmiljø for å balansere vern og funksjonalitet.
Utfordringar og løysing
Prosjektet hadde som mål å auke kapasiteten for overnatting og arrangement, utan å svekkje den historiske karakteren til hotellet og det arkitektoniske uttrykket. Det var viktig å finne løysingar som kombinerte moderne funksjonalitet med vern av kulturminnet.
Tilbygga mot aust og nord vart utforma i ein stil som harmonerer med hovudbygningen. I tillegg vart det oppført frittliggjande nybygg i klyngjetun, inspirert av lokal byggjeskikk. Ein ny driftsbygning med forsamlingslokale og tekniske funksjonar vart også tilpassa det historiske miljøet. Tradisjonelle materiale og detaljar vart brukte, men med noko forenkling for å sikre lesbarheit i kulturmiljøet.
Palmehagen og oransjeriet vart vidareført frå tidlegare planar, medan sveitserstiltilbygget og låven med klyngjetun var nye element. Eit tett samarbeid med fylkeskommunen var avgjerande for å sikre godkjenning og kvalitet.
Romprogrammet vart monaleg utvida. For å unngå eit dominerande tilbygg, vart det valt mindre volum og underjordiske løysingar. Ein ny driftskjellar bind saman låven og hotellet. Ein tidlegare takopplett, altså ei heving av takhøgda, vart attskapt mot bakgarden, med balkongar og overlys til storkjøkkenet. Kravet om halvvalma tak vart følgt. Universell utforming er løyst i tilbygget, slik at hovudinngangen kunne bevarast uendra.
Endringane er lite synlege frå bryggja, og ny busetnad ligg langs vegen i tråd med lokal tradisjon. Anlegget er godt forankra i landskapet.
Prosjektet har også styrka stadsutviklinga, med vekt på historieforteljing, lokal matproduksjon og unike opplevingar. Hotellet rettar seg mot ein eksklusiv marknad, men har også avtalar med lokale aktørar.
Mot hagen er nye restaurantar i form av tilbygga palmehagen og oransjeriet plassert som innramming. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren
Området nordvest for hotellet er opparbeidd som ein engelsk landskapspark. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren
Læringspunkt
- Tidleg og tett dialog med kulturminnestyresmaktene gir betre prosess og resultat.
- Frittståande nybygg og underjordiske løysingar kan gi høg kapasitet, utan å dominere verneverdige bygningar.
- Tradisjonelle materialval og detaljar styrkjer samanhengen mellom nytt og gammalt, og historieforteljinga i bygningen blir vidareført.
- Universell utforming kan integrerast i nye delar slik at ein unngår inngrep i den historiske bygningen.