Forslaga til bevaringsstrategiane for bygders og byars kulturmiljøEt område der kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi kan inngå i et kulturmiljø. Kulturmiljøer kan for eksempel være et byområde, ei setergrend, et fiskevær eller et industriområde med fabrikker og boliger. og næringars og industriars kulturmiljø vart mandag levert til Klima- og miljødepartementet (KLD).
Begge strategiane var på høyring fram til sommaren, og fekk 115 innspel.
– Me fekk mange konstruktive innspel, som har vore svært nyttige i arbeidet med å omarbeida og sluttføra begge strategiforslaga, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– Me har gjort nokre endringar etter høyringsrunden, som me meiner har styrkt strategiane. Riksantikvaren kjenner seg trygge på at strategiane vil bidra til å løfta innsatsen for å ta vare på sårbare kulturmiljø. Me er også glade for at det er brei støtte til kva begge strategiane skal bidra til, seier Skeidsvoll.
Skal styrkje kulturmiljøa
Desse bevaringsstrategiane skal styrkja og samordna innsatsen i samfunnet, slik at me kan ta vare på kulturmiljøa for framtida.
Begge strategiane har ein felles struktur, med eitt hovudtema og underliggjande deltema. Desse deltemaa handlar om sentrale utviklingstrekk og kulturmiljøtypar som det er liten kunnskap om, eller der tapet er stort.
Eit av temaa som Riksantikvaren foreslår skal løftast fram er den bevegelege kulturarven. Der er frivillig engasjement ein viktig ressurs.
Mange høyringsinnspel har peika på at kunnskapen til dei frivillige er viktige for å vareta kulturarven. Riksantikvaren vonar at strategien bidra til at den viktige kompetansen i miljøa omkring dei bevegelege kulturminna blir vidareført og kjem fleire kulturminneKulturminner er alle spor etter menneskers liv og virke i vårt fysiske miljø. Begrepet omfatter også steder det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi er kulturminner, eller kan inngå som del av et kulturminne. Kulturminner kan for eksempel være bygninger, hager, gravhauger, helleristninger, båter eller veifar. Disse kan være fra tidligere tider eller fra vår egen tid. Det skilles mellom løse og faste kulturminner. til gode.
Bevaringsstrategien for bygder og byar skal bidra til at kunnskap og kompetanse om kulturhistoriske verdiar vert styrka og tatt i bruk. Gjennom demokratiske prosesser skal bygder og byars identitet og særpreg ivaretas, og kulturmiljø knytt til bustadhistorien skal brukast som viktige ressursar i berekraftig samfunnsutvikling. Det ligg eit stort potensial i å bevara og bruka eksisterande fellesskapsarenaer på ein god og langsiktig måte – til nytte og glede for enkeltpersonar, lokalsamfunn og samfunnet i sin heilheit.
Til vurdering hos KLD
No skal KLD vurdera forslaga, og gjere eventuelle endringar, før strategiane er klare til å bli sett i verk.
I arbeidet med begge bevaringsstrategiane har Riksantikvaren henta kunnskap og lagt til rette for medverknad. Bevaringsstrategiane som har vært på høyring, er baserte på denne prosessen.
Medverknadsprosessen før høyringa har gjennom våren bestått av spørjeundersøkingar, ressursgruppemøter, digitale dialogmøter, konsultasjonar med Sametinget og samling med fylkeskommunanes og Sametingets leiarar for kulturarvKulturarv: Samlebetegnelse for materiell og immateriell kultur. Betegnelsen kulturarv blir særlig brukt i samarbeidet mellom kulturminneforvaltningen, arkivverket og museumssektoren, sammen med kommunene og lokale lag og foreninger..
Riksantikvaren har utarbeidd forslaga på oppdrag frå KLD.
Bevaringsstrategiane for kystens og landbrukets kulturmiljø vart vedteke 14. februar i år.
Les forslaga her:
Pressekontakt:
Ring oss: 404 65 153
Send e-post: kom@ra.no
Sjå oversikta: Desse kyrkjene har søkt om tilskot
Kyrkjebevaringsfondet har fått inn 247 søknader frå 139 kyrkjer for 2027.
Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé
Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.
Eiere søker om 1,2 milliarder til kulturminner
Riksantikvaren har fått inn tilskuddsøknadene til freda kulturmiljø og kulturminner for 2027, og behovene er store.

