Om prosjektet
Låven på Høvik gard i Båtstø er frå slutten av 1890-åra og består av ein låvebygning i tungt bindingsverk og eit lafta fjøs som truleg er endå eldre. Etter mange tiår utan vedlikehald var setningsskadane store, golvet i fjøset sterkt skadd og dei fleste vindauga øydelagde. Då noverande eigar saman med erfarne handverkarar tok fatt på låven, var målet å sikre konstruksjonen og gjera bygningen brukande att, men endre så lite som mogleg. Bruksspora etter generasjonar med gardsdrift fekk stå, og framtidig bruk vil vera tilpassa bygningen, ikkje omvendt.
VERNESTATUS
Kommunalt listeført, SEFRAK
ADRESSE
Sundbyveien 83, Båtstø
PROSJEKTET
Eigar, Løken Bygg AS
FERDIGSTILT
2024
KONTAKT
Privat eigar/Løken Bygg AS
Dei høge steinfundamenta under fjøset trengte gjenoppbygging og stabilisering. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Innsetting av akrylglas i mellomgavlen gir meir lys, ei anna oppleving og betre bruk av låverommet. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Historikk
Høvik gard, også kalla Storhaugen, i Båtstø har tidlegare hatt husdyrhald og dyrking av ulike vekstar, mellom anna kommersiell produksjon av tobakk. Låven er frå slutten av 1890-åra og er sett i hop av to konstruksjonsmessig frittståande delar: eit låvebygg i tungt bindingsverk, og eit lafta fjøs med tilhøyrande fjøsgang. Fjøset er i sinklaft, har tidlegare vore eit bustadhus og er truleg eldre enn låvedelen. Laftet er målsett i «båtalen», ei gamal og lite brukt måleeining i husbygging. Veggane i fjøset har høvla flater innvendig, og tak- og golvbjelkar i eik.
Låven har fleire kuriøse bruksspor som har vore viktige å ta vare på. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
Noverande eigar kjøpte garden i 2021. Eigaren ønskte både å ta vare på det historiske bygningsmiljøet på garden, og å kunna bruke bygningane. Han starta difor i 2023 istandsetjing av låven saman med handverkarar frå Løken Bygg AS.
Etter mange tiår utan vedlikehald hadde bygningen store setningsskadar, og fleire stadar hadde han sokke så mykje at han måtte hevast opp til 40 cm. Golvet i fjøset var sterkt skadd etter generasjonar med husdyrhald, og nesten alle vindauge var øydelagde. Oppdraget var å sikre konstruksjonen og setta bygningen attende i god stand, utan å skifte ut for mykje eller fjerne viktige bruksspor.
Bygningen vart jekka opp på seks punkt samstundes for å rette konstruksjonen jamt og skånsamt. Steinputene vart supplerte med stein funnen på staden, og pinna for å stabilisere konstruksjonen. Ròtne sviller, stolpar og berebjelkar vart skifta med rundstokkar av eige tømmer. I dei delane av fjøset der golvet var mest skadd, vart det lagt nytt golv, medan områda med mindre skadar vart tekne vare på. I låven vart det opphavlege golvet teke vare på som referanse, og over dei mest slitne partia vart det lagt eit nytt plankegolv i same dimensjonar. Nesten alle vindauga var for øydelagde til å setta i stand, og vart difor bytte med ombrukte vindauge kjøpt på bruktmarknaden, frå tilsvarande periode og med tilsvarande dimensjonar og inndeling. To originale vindauge vart restaurerte og sette på plass att i bygningen.
Den lafta fjøsdelen hadde det beste utgangspunktet for å laga eit heilklimatisert rom, ettersom tømmerveggane i seg sjølve isolerer ein del. Tung stubbeloftsleire i himlinga vart bytt ut med 15 cm cellulosebasert isolasjon og bordgolv over. Hjørnekassane vart vindtetta, og det vart dytta linstryisolasjon rundt vindauga.
I mellomgavlen vart det sett inn akrylglas for lysinnslepp utan synlege endringar i fasaden. Eigaren valde å behalde det eksisterande bølgjeblikktaket framfor tegltakstein, som bygningen kan ha hatt opphavleg. Grepet sparte den originale takkonstruksjonen for ekstra tyngde og reduserte kostnadene i prosjektet. Dessutan er det god ressursbruk å behalde eldre materialar så lenge dei fungerer. Bygningen er etter istandsettinga måla utvendig med komposisjonsmåling, som tidlegare.
Prosjektet er finansiert med tilskot frå Kulturminnefondet og Akershus fylkeskommune, i tillegg til eigaren sin eigeninnsats. Eigaren har heile tida ønskt å gjera det som har vore naudsynt for å få bygningen i god stand att, og brukbar for framtida, men samstundes endre minst mogleg. Nøktern ressursbruk og bevaring av kuriøse bruksspor har vore gjennomgåande. Vidare bruk av bygningen vil vera tilpassa bygningen sine eigenskapar og ikkje omvendt.
Læringspunkt
- Bruken er tilpassa bygningen, og den mest egna delen i fjøset er isolert og gjort klar for heilårsbruk.
- Ombruk framfor nyproduksjon: vindauga er kjøpte brukte frå tilsvarande periode, og stein og eldre bygningsmateriale vart attbrukt eller henta på garden.
- Reparasjon framfor utskifting: berre dei verst skadde partia av golva vart lagde nye, og det opphavlege golvet i låven vart liggande som referanse og bruksspor.
- Små, gjennomtenkte grep kan gje stor verknad: akrylglas i mellomgavlen gjev lys og betre bruksverd utan synlege endringar i fasaden.
- Kostnads- og ressursomsyn kan gå hand i hand med bevaring: å behalde det eksisterande bølgjeblikktaket sparte både den originale takkonstruksjonen og budsjette








