Rått møter raffinert

Et kunstgalleri med synlige bjelker, et veggmaleri med skogsmotiv, skulpturer på plattformer og ulike kunstverk utstilt mot nøytrale vegger.
Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Om prosjektet

I over 80 år vart tømmer forvandla til papir i Vestfos Cellulosefabrik, frå råstoff til raffinert produkt. Den same spenninga pregar bygningen i dag. Etter at fabrikken vart nedlagd i 1970, gjekk lokala gjennom år med utleige og forfall, før dei vart kjøpte opp i 2000 og opna som Vestfossen Kunstlaboratorium i 2003. Grepet var å gjera minst mogleg: rå mur- og betongkonstruksjonar er tekne i bruk mykje som dei var, og dannar ei kraftfull ramme for samtidskunsten som blir vist her.

VERNESTATUS
Regionalt listeført, Regulert til bevaring

ADRESSE
Fabrikkgata 11C, Vestfossen

FERDIGSTILT
2003

KONTAKT
Vestfossen Kunstlaboratorium

Kunstgalleri med malerier på hvite vegger og skulpturer utstilt på et trebord, under sporbelysning på et betongtak.
Rått møter raffinert 3

Mange av dei opphavlege golvoverflatene kunne brukast vidare slik dei var. Veggane er reinska, men står i all hovudsak rå og uendra. Veggane der kunst blir hengd opp har fått nye kvite overflater. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

På undersida av dekka ser ein vesentlege korrosjonsskadar i armeringa. Dekka har likevel meir enn nok restbereevne, ettersom dei var dimensjonerte for tunge maskiner. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Historikk

Vestfos Cellulosefabrik vart stifta som aksjeselskap i Kristiania i 1886, med forretningsmannen Wilhelm Melhuus frå Drammen som direktør. Fabrikken var den fyrste i Drammensdistriktet som produserte cellulose. I 1911 og 1912 kom papirproduksjon i tillegg, og anlegget vart bygd ut i fleire etappar. I 1920 hadde bedrifta 350 tilsette.

Mellomkrigstida var vanskeleg for heile treforedlingsindustrien, og i 1931 vart det gjennomført ein streik som varte i 25 veker. Under andre verdskrigen vart fabrikken del av den tyske krigsøkonomien. Etter krigen satsa bedrifta på finpapir, men satsinga slo feil. Selskapet vart slått konkurs i 1967, og Greaker Cellulosefabrik dreiv verksemda vidare til ho vart innstilt i 1970. Om lag 230 personar mista arbeidet, og nedlegginga av den største arbeidsplassen i Øvre Eiker vekte sterk debatt.

Fabrikken var i drift i meir enn 80 år og prega utviklinga av tettstaden Vestfossen. Nokre år etter nedlegginga kjøpte kommunen bygningsmassen, omregulerte til næringsføremål, seksjonerte og  leigde ut lokala til mindre servicebedrifter.

Åra med utleige innebar lite vedlikehald, og delar av bygningsmassen forfall. I 2000 kjøpte tidlegare direktør for Vestfossen Kunstlaboratorium, no kunstnarisk leiar, lokala med mål om å etablera eit senter for samtidskunst. Han vart møtt med velvilje frå kommunen, og eit godt samarbeid gjorde det mogleg å få prosjektet til. Etter ein stor jobb med rydding og istandsetting opna Vestfossen Kunstlaboratorium i den gamle fabrikken i 2003.

En moderne kafé med murvegger, store vinduer, mange grønne planter, trebord og en gallerivegg med fargerike, innrammede kunstverk.
Café Cellulose tilbyr servering både til museumsgjestar og andre besøkande. Kafeen har tematisk dekor knytt til utstillingane i kunstsenteret. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Dei rå industrilokala gav både utfordringar og potensial. Førebiletet var Arsenale i Venezia, der kunst- og arkitekturbiennalane blir arrangert. Ambisjonen var å gjera berre det minimumet som var naudsynt for at lokala kunne fungera til utstillingar og mottak av publikum, og elles lata industriidentiteten til bygningen og romma vera tydeleg. Å ta vare på spora frå industrihistoria var difor eit mål gjennom heile ombyggingsprosessen.

På grunnplan og i toppetasjen var golvoverflatene såpass slitte og ujamne at det var naudsynt med ny påstøyp. Denne vart gjord i stålglatta betong, som gir eit uttrykk som er både industrielt og raffinert på same tid, og som forenklar reinhaldet. Det vart òg lagt vassboren varme i desse golva. Kunstsenteret er berre ope i sommarhalvåret, slik at oppvarminga er enklare å handtera. På mellomplana kunne dei opphavlege golvoverflatene brukast vidare slik dei var. Veggane er reinska, men står i all hovudsak rå og uendra. Berre veggar der kunst blir hengd opp, og veggane i butikken, kafeen og toaletta, har fått nye kvite overflater, av omsyn til høvesvis nøytral bakgrunn for kunsten, og elles for hygiene.

Bygningen sine eigenskapar som industribygning er nytta godt i den nye funksjonen, ikkje berre når det kjem til dei visuelle kvalitetane, men også til det praktiske. Høge vindauge på framsida kan brukast til å heise store kunstverk rett inn i den romlege utstillingshallen i toppetasjen, og industriportar i underetasjen forenklar det å få inn større kunstverk her. Sjakta for den tidlegare industriheisen er nytta til trapp og personheis. Eit tidlegare kjemikalierom med gitterveggar fungerer for utstilling av monumentalkunst tilpassa akkurat dette rommet.

Vestfossen Kunstlaboratorium har gitt ein synergieffekt og ringverknader lokalt. Kunstsenteret har bidrege til å byggja opp identiteten Vestfossen har som kulturhovudstad i kommunen, og fleire besøkande kjem også andre verksemder i tettstaden til gode. Arena Vestfossen, som ligg vegg i vegg, vart etablert i 2004 og rommar fleire mindre galleri, kunstnarstudio og kulturskulen til kommunen, i samspel med kunstlaboratoriet. Dei ombrukte industrilokala har i seg sjølv kvalitetar som ein ikkje får i eit nybygg, og nettopp desse kvalitetane har trekt kunst, publikum og ny verksemd til tettstaden.

Et galleri for moderne kunst med høye tak, synlige bjelker og dyreskulpturer i blandede materialer utstilt på treplattformer i midten.
Toppetasjen byr på eit romleg, søylefritt utstillingsareal på 33 gongar 16,5 meter, med særeigne kvalitetar. Grunna tidlegare lekkasjar i taket, laut takkonstruksjonen byggast på nytt, noko som gav god moglegheit også for isolering.
I et inngjerdet område med kunstgress sitter en rosa, tegneserieaktig figur. Veggene er dekorert med bilder av tett, grønt løvverk, noe som skaper en jungellignende bakgrunn.
Eit tidlegare kjemikalierom er nå brukt for utstilling av monumentalkunst laga for nettopp dette rommet.
En industribygning i rød murstein med store buede vinduer, hvite dobbeltdører og en smal betongsti langs siden. Man kan se refleksjoner av trær i glasset.
Industriportar inn til underetasjen gjer det enkelt å få inn store kunstverk her.
Et stort rom i industriell stil med høye vinduer, et område med teppe, en skulptur av en flygende figur og fantasifulle, soppformede sitteplasser ved siden av en trekonstruksjon.
Dei høge vindauga på framsida kan brukast til å heise store kunstverk rett inn i den romlege utstillingshallen.
Bøker og tidsskrifter er utstilt på tre rader med hvite hyller som er montert på en vegg med en synlig betongbjelke i midten.
Et galleri for moderne kunst viser frem en stor metallskulptur og et innrammet maleri på hvite vegger under lysrør.
En murbygning med skiltet «Vestfossen Kunstlaboratorium» over store buede vinduer; to vertikale bannere henger på hver side av det midterste vinduet.
Kunstsenteret ligg sentralt i Vestfossen, og det gamle industrimiljøet gir nye opplevingar til fastbuande og besøkande.

Læringspunkt

  • Tidleg dialog med kommunen og andre myndigheiter gir dei eigarskap til prosjektet, og opnar for velvilje og bistand undervegs.
  • Spel på lag med eigenskapane og kvalitetane bygningen alt har, i staden for å endra dei.
  • Sjå brukspotensialet i funksjonane bygningen har frå før, som lasterampa, dei høge vindauga og heissjakta.
  • Ei satsing som blir gjennomført fullt ut, kan gi eit resultat med gode kvalitetar og ringverknader i lokalsamfunnet, der nye verksemder spelar på lag med kvarandre.

Lignende eksempler