Om prosjektet
I Rissa kyrkje vart det gamle orgelgalleriet bak i kyrkjerommet hus for det nye tekjøkkenet. Ved å legge kjøkkenløysinga innunder galleriet, og med godt tilpassa foldedører, har kyrkja både fått betre funksjonalitet for varierte aktivitetar, samstundes som verdigheita i kyrkjerommet er teke vare på.
VERNESTATUS
Listeført kirke
ADRESSE
Følmyrveien 2, Rissa
PROSJEKTET
Rissa felles menighetsråd, Fosen Trapp & Interiør AS
KONTAKT
Indre Fosen Kirkelige fellesråd
Historikk
Rissa kyrkje ligg i Rissa sokn i Indre Fosen kommune og er éi av to hovudkyrkjer i kommunen. Kyrkja er oppført i mur og vart bygd i 1888 på den nye kyrkjestaden Føl etter teikningar av arkitekt Carl Julius Bergstrøm.
Ved kongeleg resolusjon av 28. august 1886 vart det gitt løyve til å rive den gamle Rein kyrkje og flytte kyrkjestaden frå Rein til Føl. Rein kyrkje låg ved Reinskloster, på ein stad som var ein av dei sentrale lendmannsgardane i landet gjennom store delar av mellomalderen. Den eldste kjende omtalen av kyrkje på Rein er frå 1589. Den fyrste kyrkja på staden var ei stavkyrkje, som vart riven kring 1650. Deretter vart det reist ei ny korskyrkje i tømmer, som stod fram til ho vart riven i 1886. Ein kopi av denne kyrkja vart bygd på same stad i 1932.
Då Rissa kyrkje vart oppført, vart delar av inventaret frå den gamle Rein kyrkje teke vare på og brukt om at, mellom anna kyrkjeklokkene og orgelgalleriet.
Området under galleriet gav ein moglegheit for ei meir skjerma plassering av kjøkkenet. Foto: Finn Yngvar Benestad
Fargesettinga av kjøkken og foldedører er henta frå kyrkjerommet. Når dørene er lukka, gjer løysinga veldig lite ut or seg, og ein beheld verdigheit i kyrkjerommet. Foto: Finn Yngvar Benestad
Utfordringar og løysing
Rissa kyrkje har omfattande aktivitetar utover dei reine seremoniane, noko som har skapt behov for betre tilrettelegging for samlingar og arrangement. Eit sentralt ønskje har vore å etablere kjøkkenfunksjon i tilknyting til kyrkjerommet. På grunn av kyrkja si heilstøypte og monumentale form vart tilbygg vurdert som problematisk, både av omsyn til kulturminneverdiane og det arkitektoniske uttrykket. Alternativ plassering i servicebygningen ved sida av kyrkja vart òg vurdert, men dette vart rekna som mindre praktisk for bruk og drift.
Løysinga vart å etablere eit kompakt og fleksibelt kjøkken under det gamle orgelgalleriet inne i kyrkjerommet. Tiltaket er utført på ein reversibel måte, slik at faste inngrep i bygningen er avgrensa. Kjøkkenet kan skjulast bak foldedører når det ikkje er i bruk, noko som sikrar verdig bruk og heilskap i kyrkjerommet. Ei flyttbar kjøkkenøy gir høve til fleire bruksformer og kan fjernast ved behov. Fargar og materialbruk i kjøkken og foldedører er henta frå det eksisterande interiøret, slik at det nye tiltaket tilpassar seg kyrkjerommet visuelt.
Etablering av kjøkken kravde òg løysing for vatn, og det var mogleg utan etablering av fullt avløpssystem i denne enda av bygningen. Kommunen gav løyve til å føre gråvatn direkte til grunnen under kyrkja, da bygninga står på ei djup grusavsetning med gode infiltrasjonseigenskapar. Som vilkår vart det installert eit kraftig biofilter, plassert saman med varmtvassbehaldar under kjøkkenet.
Tiltaket er gjennomført i god dialog med Riksantikvaren, og både eigar og brukarar er svært nøgde med funksjonalitet og løysing. Prosjektet legg til rette for auka bruk av kyrkja til fleire føremål, og bidreg til å halde kyrkja relevant som samlingsstad i lokalsamfunnet.
Læringspunkt
- Nye funksjonar kan leggjast direkte i kyrkjerommet for å unngå tilbygg, ved at eksisterande rom blir nytta på ein skånsam måte og at det samtidig blir etablert løysingar for å skjerme dei nye funksjonane
- Moglegheit for å lukke løysinga visuelt, kombinert med flyttbare element, gjer at kyrkjerommet kan tilpassast ulike brukssituasjonar.
- Med medviten bruk av fargar og material som er henta frå det opphavlege interiøret, kan nye element gli naturleg inn i kyrkjerommet.
- Teknisk infrastruktur, som vass- og avløpsløysing under golvet, var mogleg å etablere diskret fordi ein tok utgangspunkt i bygningen sine konstruksjons- og grunnforhold.
- Skånsam tilrettelegging for meir bruk styrker kyrkja si rolle som møteplass og bidreg til å halde bygningen relevant for lokalsamfunnet.



