Universell utforming

Nye trappetrinn for trinnfri tilgjenge

Interiøret i en kirke med hvite trebenker, gule vegger, lysekroner, en trapp og store vinduer som slipper inn naturlig lys.
Foto: Grete Marøy Sellevoll, Vestland fylkeskommune

Om prosjektet

Dette eksempelet viser korleis universell utforming kan gjennomførast i ei historisk kyrkjebygning utan å svekkje dei kulturhistoriske verdiane. Gjennom å nytte eksisterande rom og tilpasse løysingane med respekt for arkitektur, materialbruk og fargar, har Førde kyrkje vorte meir tilgjengeleg for alle, samstundes som inngrepa er tydeleg leselege som tiltak frå vår tid.

VERNESTATUS
Listeført kirke

ADRESSE
Kyrkjevegen 12, Førde

PROSJEKTET
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd, ARKI arkitektar AS, Espeseth Bygg AS

KONTAKT
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

En hvit trebygning med grønne dører, en liten veranda med trappetrinn og svarte metallrekkverk står på en steinsokkel, omgitt av trær og en asfaltert gangvei.
En hvit trekirke med et høyt tårn står bak en kirkegård på en solrik dag, med trær og åser i bakgrunnen.

Førde kyrkje hadde frå før universelt utforma inngang. Foto: Ingvar Vagstad, Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

Kyrkja kronar på ei lita høgde over byen. Foto: Grete Marøy Sellevoll, Vestland fylkeskommune

Historikk

Den fyrste kyrkja i Førde var truleg ei stavkyrkje. Ho stod fram til kring 1620–25, da det vart bygd til eit nytt skip i tømmer, medan den eldre kyrkjebygninga framleis stod. I 1838 vart stavkyrkja erstatta av ei lita langkyrkje i tømmer. Denne bygninga vart riven i 1885 for å gi plass til det som er Førde kyrkje i dag. Samtlege kyrkjer har stått på same staden. Dagens Førde kyrkje er ei lafta langkyrkje, teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan, og har 475 sitjeplassar.

Den nye trappa til galleriet sikrar rømming etter at den eine trappa i våpenhuset vart fjerna. Trappa har handløparar i to høgder, jamfør tekniske krav. Trappa er laga i heiltre, og inntrinna har fått teppebelegg for å vera meir sklisikre og lyddempande. Den nye trappa tek opp att fargar og material frå kyrkjerommet – gult, grått og tre. Foto: Grete Marøy Sellevoll, Vestland fylkeskommune

En tretrapp med rekkverk på begge sider, som fører opp ved siden av et stort vindu; på veggen til høyre ser man en benk og et moderne kunstverk.

Utfordringar og løysing

Før tiltaket hadde Førde kyrkje alt ei utvendig rampe og universelt utforma inngang til våpenhuset, slik at kyrkja var tilgjengeleg for mange. Det mangla likevel eit universelt utforma toalett inne i kyrkja, dette var fram til no plassert i ein servicebygning like ved. Eit tilbygg vart vurdert, men viste seg vanskeleg å gjennomføre utan store inngrep, både av omsyn til symmetrien og den fullenda forma til kyrkjebygningen.

Løysinga vart å ta i bruk eksisterande areal i det romslege våpenhuset. Våpenhuset hadde to trappehus som førte opp til galleriet. Det eine trappehuset vart fjerna og arealet vart nytta til etablering av universelt utforma toalett. For å sikre naudsynt rømming frå galleriet vart det samstundes etablert ei ny trapp ned i sjølve kyrkjerommet.

Den nye trappa vart utført i heiltre, med materialbruk og detaljering av høg kvalitet som harmonerer med det historiske kyrkjerommet. Fargesettinga vart henta frå eksisterande fargar i interiøret, slik at tiltaket framstår som ein naturleg del av heilskapen, sjølv om det er tydeleg leseleg som eit nytt tilskot.

Tiltaka for universell utforming er medvite synlege spor frå vår tid. Desse inngrepa vart vurderte som akseptable for å sikre at kyrkja kan nyttast av flest mogleg, samstundes som dei kulturhistoriske verdiane er tekne vare på.

En lukket, grå dør med skiltet «16 A» ved siden av to oppslagstavler med papirer og en grå benk under den ene tavlen i en gang med beige vegger.
En rampe av tre med teppe fører fra et tregulv til et kirkealterområde med grønt teppe, hvor man i bakgrunnen kan se stoler og et pyntet alter.

Ved å omdisponere det eine trappehuset fekk ein plass til universelt utforma toalett i våpenhuset. Foto: Grete Marøy Sellevoll, Vestland fylkeskommune

Opp til alteret er det laga ei rampe, i tillegg til rekkverk i messing. Foto: Ingvar Vagstad, Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

Læringspunkt

  • Universell utforming kan ofte løysast innanfor ein eksisterande bygning ved å nytte og omdisponere areal som er romslege og lite brukte.
  • Omsynet til symmetri og heilskap i historiske kyrkjebygningar kan tilseie at ein bør unngå tilbygg og heller undersøke moglegheit for indre tilpassingar.
  • Nye tiltak i verna kyrkjerom kan utførast med materialbruk og fargesetting som harmonerer med det historiske interiøret, samstundes som dei er tydeleg leselege som nye.
  • Synlege spor frå vår tid er akseptable og nødvendige for å sikre at kulturhistoriske bygningar framleis kan nyttast som offentlege rom for alle.

Lignende eksempler