Kvart år deler Riksantikvaren ut tilskot til fartøyvern.
No er tildelinga for 2025 klar, med ei føreslått løyving på 76,5 millionar kronar over statsbudsjettet. 10 millionar av desse vart lova som tilsagn i 2024, og er allereie fordelt.
Riksantikvaren har no delt ut 66,5 millionar i friske midlar som tilskot. 7,5 millionar av desse er tilsagn som kan brukast i 2026.
– Noregs maritime historie er ein del av vår nasjonale kulturarvKulturarv: Samlebetegnelse for materiell og immateriell kultur. Betegnelsen kulturarv blir særlig brukt i samarbeidet mellom kulturminneforvaltningen, arkivverket og museumssektoren, sammen med kommunene og lokale lag og foreninger.. Det er difor gledeleg å sjå at så mange ønskjer å ta vare på dei verna og freda fartøya. Dei gjer ein viktig jobb. Gjennom tilskotsordninga ønskjer vi å leggje til rette for at vi i fellesskap kan bevare fartøya og at dei kan brukast til opplæring, turisme eller andre gode føremål, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
Støtta skal gå til eigarar og dei som forvaltar freda eller verna fartøy, og organisasjonar, foreiningar og prosjekt som opererer innanfor tilskotsordninga sitt føremål.
Tidlegare denne månaden besøkte riksantikvar Hanna Geiran det freda fartøyet MS Granvin i Bergen. Lokalrutebåten var blant mottakarane av tilskot i 2024.
– Dei frivillige gjer ein kjempeinnsats for å ta vare på vår maritime kulturarv. Fartøyvernet representerer verdiskapingVerdiskaping: Verdiskaping er bruk av kunnskap, kapital og/eller arbeid, med formålet å skape økonomiske verdier. Verdiskaping brukes mer presist om den verdiøkning et (uferdig) produkt eller en tjeneste får i hvert ledd av produksjonsprosessen eller verdikjeden, der verdiskapingen er den tilleggsverdien hvert ledd eller hver bedrift gir produktet eller tjenesten., lokal interesse og begeistring, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Det var veldig inspirerande å treffe nokre av dei som jobbar for og med Granvin, og høyre om deira erfaringar og synspunkt, seier ho.
Geiran er glad for at fartøyet – som vart freda i 2011 – framleis er i aktiv bruk.
– Eitt av Riksantikvaren sine mantra er «bruk er det beste vern». Det gjeld òg på vatnet. MS Granvin er sett i stand gjennom ein kombinasjon av frivillig innsats og tilskot. Fartøyet er i dag i god stand og har mange spanande og varierte oppdrag framover, seier ho.
Fartøyvernet har tradisjonelt hatt det største gapet mellom ramma for tilskotsordninga og søknadssummane.
Frå i fjor er det ei auke på 157,5 millionar kroner i søknadssummen, fordelt på 165 søknader. Det betyr at fartøyvernet i år har søkt om nesten 408 millionar kroner åleine.
Tilskot frå post 74 skal ifølgje forskrifta prioriterast slik:
- prosjekt som er sett i gang, eller tek opp slipp eller dokk, som følgje av tilskot frå kulturmiljøforvaltinga
- fartøy som har pålegg som må gjennomførast for å halde på sertifikatet sitt
- fartøy som er freda
- fartøy og prosjekt med stor frivillig innsats
Fakta om tilskot til fartøyvern:
Tilskot til fartøyvern er ein eigen post på statsbudsjettet.
Heile tilskotsposten er i 2025 på 76,5 millionar kronar.
Les meir om tilskotsordninga for fartøyvernet her.
Tilskot til fartøyvern 2025
| wdt_ID | Fylke | Søknadssum | Samlet tildeling (tilskudd, tilsagn og SAVOS-midler) |
|---|---|---|---|
| 1 | Agder | kr 10,944,859.00 | kr 2,540,000.00 |
| 2 | Akershus | kr 15,149,015.00 | kr 5,825,000.00 |
| 3 | Buskerud | kr 5,596,200.00 | kr 1,200,000.00 |
| 4 | Finnmark | kr 2,687,870.00 | kr 845,000.00 |
| 5 | Innlandet | kr 7,992,420.00 | kr 2,443,540.00 |
| 6 | Møre og Romsdal | kr 16,281,731.00 | kr 3,685,000.00 |
| 7 | Nordland | kr 34,551,560.00 | kr 3,260,000.00 |
| 8 | Oslo | kr 20,745,244.00 | kr 4,480,000.00 |
| 9 | Rogaland | kr 55,018,247.00 | kr 12,947,000.00 |
| 10 | Sametinget | kr 2,941,776.00 | kr 630,000.00 |
| 11 | Telemark | kr 69,211,965.00 | kr 7,950,000.00 |
| 12 | Troms | kr 12,280,132.00 | kr 1,620,000.00 |
| 13 | Trøndelag | kr 28,231,226.00 | kr 3,976,000.00 |
| 14 | Vestfold | kr 5,423,705.00 | kr 525,000.00 |
| 15 | Vestland | kr 104,536,340.00 | kr 15,356,251.00 |
| 16 | Østfold | kr 16,086,943.00 | kr 4,090,000.00 |
| 17 | Sum | kr 407,679,233.00 | kr 71,372,791.00 |
| Fylke | Søknadssum | Samlet tildeling (tilskudd, tilsagn og SAVOS-midler) |
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Sjå oversikta: Desse kyrkjene har søkt om tilskot
Kyrkjebevaringsfondet har fått inn 247 søknader frå 139 kyrkjer for 2027.
Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé
Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.
Eiere søker om 1,2 milliarder til kulturminner
Riksantikvaren har fått inn tilskuddsøknadene til freda kulturmiljøEt område der kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi kan inngå i et kulturmiljø. Kulturmiljøer kan for eksempel være et byområde, ei setergrend, et fiskevær eller et industriområde med fabrikker og boliger. og kulturminner for 2027, og behovene er store.








