Fredning

Freda kulturmiljø

Kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap. Omgrepet kulturmiljø kom inn i kulturminnelova i 1992. Gjennom lovendringa vart det mogleg å frede eit kulturmiljø ut ifrå den totale kulturhistoriske verdien av miljøet, utan at dei enkelte elementa er fredingsverdige i seg sjølve.

Levanger vart freda som kulturmiljø i 2018. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Sidan 1992 har Riksantikvaren hatt fredningsmyndighet og utarbeidd retningslinjer og kriterium for fredingsarbeidet. Å frede eit kulturmiljø etter kulturminnelova er ein omfattande prosedyre, og endeleg vedtak vil bli gjort av Kongen i statsråd. Per i dag er tretten kulturmiljø i Noreg freda.

Les den flotte kulturhistoria om det siste kulturmiljøet som ble freda i Noreg, Henningsvær kulturmiljø – fiskerihistorie på nært hald.

Les meir om dei freda kulturmiljøa nedst på denne sida.

Publisert: 11. desember 2019 | Endret: 3. september 2024