I mai vart 13 kulturbygg frå ulike delar av landet freda som del av Kulturdepartementets landsverneplan. Blant det som vart freda i 2018 finn vi òg kunstnarheimen Lallakroken og den tidlegare amerikanske ambassaden i Oslo, steinbrotet Store Råholmen i Fredrikstad, butikkinteriøret til den tidlegare tobakksbutikken Reimers i Bergen og romanivillaen i Tysvær i Rogaland. Seks eigedommar i landsverneplanen for Statsbygg vart òg freda, til dømes Blaker skanse i Sørum og Munkholmen i Trondheim.
To kulturmiljøfredingar
I november vart det gamle trehusmiljøet i Levanger freda. Levanger er ein av dei få trehusbusetnadene i Midt-Noreg som er bevart frå åra rundt 1900, og totalt 157 eigedommar i sentrum vart freda. I desember vart Skudeneshavn freda som kulturmiljøEt område der kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi kan inngå i et kulturmiljø. Kulturmiljøer kan for eksempel være et byområde, ei setergrend, et fiskevær eller et industriområde med fabrikker og boliger.. Skudenshavn er eit av Noregs best bevarte trehusmiljø, og fredinga skal sikre dei kulturhistoriske og arkitektoniske verdiane i gater, havnebasseng, brygger, allmenningar, park, hagar og andre grøntområder.
Dato 13.12.2018 13:52 endret 19.12.2018 13:05
Meir informasjon:



