Nyheter

Gunleik Mæland frå Telemark får Kulturlandskapsprisen

Den nasjonale kulturlandskapsprisen går til ein bonde med eit stort engasjement for stølsdrift, bevaringsverdige kurasar, lokalprodusert mat og som held kulturlandskapet i hevd.

Publisert: 11. september 2026

En dobbel regnbue spenner seg over et landlig landskap med grønne åser, spredte hus, trær og fjell i det fjerne under en delvis overskyet himmel.
Rørtveit gard: Vann Kulturlandskapsprisen 2026. Foto: Rørtveit gard.

Gunleik Mæland driv garden Rørtveit i Flatdal. Garden ligg fint til i kulturlandskapet i Flatdal mellom Nutheim og Natadal, med utsikt rett mot Skorvefjell og Bindingsnuten.

Til garden høyrer òg stølen Storstaul, der både sau og storfe beiter sumarstid. Der er det fleire gamle stølsbygningar som er rusta opp. Stølen ligg i det utvalde kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal og er den einaste aktive stølen som er i drift i dette området.

Prisen vart delt ut av landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen på Dyrsku’n i Seljord fredag 11. september.

Les meir om prisvinnaren på nettsida til stiftinga Norsk kulturarv.