Nyheter

Halvparten av Noregs befolkning er opptekne av kulturmiljø

– Dette er ein viktig og gledeleg milepæl, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Publisert: 29. september 2026

En rekke fargerike bygninger vender ut mot en havnefront med båter, en gate med biler og busser samt uteserveringer; i bakgrunnen ligger et kupert boligområde.
Bryggen i Bergen Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Ei fersk måling frå SSB viser at 50 prosent av den norske befolkninga mellom 16 og 79 år er svært interesserte eller ganske interesserte i kulturminne og kulturmiljø.

Det er opp frå 47 prosent i 2025, og det høgaste talet sidan den første målinga i 2021.

Målinga blir gjennomført årleg som ein del av oppfølginga av dei nasjonale klima- og miljømåla. Målet er at minst 50 prosent skal dele interessa for kulturminne og kulturmiljø.

– Dette er ein viktig og gledeleg milepæl. For første gong seier halvparten av befolkninga at dei er interesserte i kulturminne og kulturmiljø. Dette viser at vi nordmenn er stolte av kulturarven vår, og at stadig fleire ser verdien av historiene, stadane og omgjevnadane som bind oss saman, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

– Målet er å auke den allereie store interessa og det aktive engasjementet for å ta vare på kulturmiljøa våre. Det er staten sitt ansvar å leggje best mogleg til rette for dette, seier Aasland.

Stabilt høgt engasjement

14 prosent oppgir at dei er svært interesserte, og 36 prosent er ganske interesserte. Målinga viser at interessa aukar med alder og utdanning.

19 prosent av den norske befolkninga viser eit aktivt engasjement, noko som er eit stabilt høgt nivå. Det er òg nær målsetjinga om 20 prosent aktive i befolkninga.

– Kulturmiljø er ein ressurs i samfunnsutviklinga, og vi er svært glade for at interessa for kulturmiljø aukar. Samstundes ser vi at det aktive engasjementet held seg på eit stabilt høgt nivå. Det viser at kulturarven betyr mykje for folk, og at mange vil vere med på å ta vare på han, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Det er viktig at kulturarven blir opplevd som relevant for folk i dag. Det gir Riksantikvaren eit sterkt grunnlag for arbeidet med å ta vare på kulturmiljøa våre for framtida, seier Geiran.

Rosar frivilligheita

I internasjonal samanheng har Noreg generelt høg frivillig deltaking.

Målinga viser at både interessa og det frivillige arbeidet på kulturmiljøområdet står sterkt her i landet.

Det siste året deltok 10 prosent av oss i dugnader eller møte.

– Dei frivillige er heilt avgjerande for å ta vare på kulturarven vår. Innsatsen til dei bidreg  til å sikre kulturhistoriske verdiar som har stor betydning for fellesskapet. Dette engasjementet kjem heile samfunnet til gode, seier Geiran.

– I Noreg har vi mange frivillige organisasjonar med høg kompetanse, som gjer ein stor innsats for å ta vare på og formidle både materiell og immateriell kulturarv, seier Geiran.

Urnes stavkirke
Urnes stavkirke: Norsk verdensarv. Foto: Jiri Havran, Riksantikvaren

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
En kvinne i blå pufferjakke står utendørs med hendene i lommene, foran en vegg med graffiti og trær i bakgrunnen.
Riksantikvar Hanna Geiran Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren