Vi ønskjer med dette å invitere deg/dykk til å delta på fredingsmarkering for Victoria terrasse, fredag den 21. mars, utenfor Sydkvartalet, Victoria terrasse.
Victoria terrasse er viktig for Oslo, men også for resten av Noreg. Dei kulturhistoriske og arkitektoniske verdiane ved Victoria terrasse er heilt unike, og difor blir heile anlegget freda. Fredinga sikrar det staselege bustadkomplekset frå slutten av 1800-talet og det viktige anlegget for den norske statsforvaltinga. I år er det også 130 år sidan Henrik og Susanna Ibsen flytta ut og 120 år sidan det nyoppretta Utanriksdepartementet flytta inn. Her fekk utanriksministeren meldinga om Tysklands okkupasjon av Noreg, frå det tyske sendebodet morgonen 9. april 1940.
Kl. 12.00 Velkommen – Harald Nikolaisen, direktør i Statsbygg, konferansier
Kl. 12.00 Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap)
Kl. 12.05 Statssekretær i Klima- og miljødepartementet Kristoffer André Hansen (Ap)
Kl. 12.10 Direktør i Statsbygg Harald Nikolaisen
Kl. 12.15 Ordfører i Oslo, Anne Lindboe
Kl. 12.20 Riksantikvar Hanna Geiran
Kl. 12.25 Overrekking av fredingsføreskrift – riksantikvar Hanna Geiran
Kl. 12.30 Kulturinnslag: Gutta på Skauen
Fastsatt