Seminar

Seminar om brannsikkerheit på Dombås

Dombås Hotell, Domaasgrendi 1, 2660 Dombås

Fastsatt

ons 4
Kl 11:00 februar
2026
tor 5
Kl 15:30 februar
2026
Dombås kyrkje står bak trær og ein liten kyrkjegård med kvite gravsteinar og eit mørkt stakittgjerde i forgrunnen.
Dombås kyrkje. Foto: Oddbjørn Sørmoen

Dovre kyrkjelege råd opplevde 20. februar 2020 det alle fryktar: Dombås kyrkje vart påtent og fekk store skadar. Etter fire lange år kunne bygda 21. april 2024 ta i bruk «Nye» Dombås kyrkje igjen.

Kan vi unngå at fleire må oppleve dette? La oss lære av det som skjedde, så vi slepp fleire skadar og tap av våre verdifulle kyrkjer.

Riksantikvaren, Hovudorganisasjonen KA og Dovre kyrkjelege råd inviterer til seminar om brannsikkerheit i vid forstand. Dette seminaret passar for kyrkjeeigarar, brannrådgivarar, brannvesen og andre som arbeider for å ta vare på og sikre kulturarven vår.

Vi har sett saman eit spanande program der vi får høyre og lære om prosessen og samspelet mellom byggeeigar, styresmakter og rådgivarar i oppbygginga og sikringstiltak. I tillegg til Dombås sine erfaringar, vil andre fellesråd og rådgivarar fortelje korleis dei har kome fram til rett sikringsnivå og metode i si kyrkje. Kva er suksessfaktorane og kva er hindringane? Andre tema som vil bli belyst under seminaret er brannsikkerheit ved bygningsarbeid og kva som er viktig å tenkje på etter at vi har sikra kyrkja.

Sjå heile programmet her

Påmelding i digitalt skjema

Påmeldingsfristen er 10. januar. Påmeldinga er bindande, og dersom du melder deg av etter 10. januar, må du likevel betale deltakaravgifta.

Seminaret finn stad på Dombås hotell. Til Dombås reiser du enklast med bil eller tog. Togtider frå Oslo og Trondheim finn du på vy.no. Dombås hotell har god plass til parkering, og det er gratis å parkere.

Fastsatt

ons 4
Kl 11:00 februar
2026
tor 5
Kl 15:30 februar
2026