Kunnskap, bibliotek og databaser

SEFRAK-registeret

SEFRAK-registeret er først og fremst eit kulturhistorisk register med stor verdi som kjeldemateriale for lokalhistorie. Forvaltninga brukar registeret til å identifisere verneverdige bygningar i lokalmiljøet og i kommunalt planarbeid.

SEFRAK = «Sekretariatet for registrering av faste kulturminne i Noreg».

SEFRAK-registreringa gjekk føre seg i perioden 1975–1995. Registratorane kartfesta, målte opp og fotograferte bygningar oppførte før 1900 over heile landet, med unntak av Finnmark, der dei registrerte bygningar frå før 1945.

I alt registrerte dei om lag 500 000 einingar.

Dersom du treng informasjon om eit SEFRAK-bygg, kontakt teknisk etat i kommunen der bygningen ligg, eller byantikvaren i dei byane som har slik teneste. For bygningar eldre enn 1850 skal du kontakte kulturminneansvarleg i fylkeskommunen.

Her finn du opplysningar om SEFRAK-bygningar

I Kartverket sitt eigedomsregister, Matrikkelen , finn du opplysningar om SEFRAK-bygningar. Innsynsløysinga Se eiendom er open for alle. Du kan òg finne informasjon om SEFRAK-bygg på nettstaden miljostatus.no/kart.

Fylkeskommunen oppbevarer originalskjema frå registreringa, medan Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana lagrar det meste av fotomaterialet.

Meldeplikt ved endringar for bygningar eldre enn 1850

Bygningane i SEFRAK-registeret har i utgangspunktet ingen særskilde restriksjonar. Registreringa varslar kommunen om at dei bør vurdere verneverdien før dei eventuelt gir løyve til å endre, flytte eller rive bygningen.

For meldepliktige bygningar (bygningar eldre enn 1850) krev §25 i Kulturminnelova at kommunen vurderer verneverdien før dei godkjenner søknad om endring eller riving.

Saksgang ved endring av meldepliktig bygning:

  • Eigaren må søkje kommunen om alle endringar på bygningen.
  • Kommunen sender søknaden til fylkeskommunen, som uttaler seg før kommunen fattar vedtak.
  • Kommunen melder alle endringar til fylkeskommunen.
  • Kommunen kan gi løyve til riving sjølv om kulturminnemyndigheitene i fylkeskommunen tilrår vern.

Vedlikehald av SEFRAK-data

Riksantikvaren overfører SEFRAK-data frå Matrikkelen til sitt eige system. Du kan ikkje lenger oppdatere SEFRAK i Matrikkelen. Fram til vi får på plass feilretting for fylkeskommunane i 2026, må Riksantikvaren rette feil i SEFRAK. Per november 2025 er det berre Riksantikvaren som oppdaterer SEFRAK-materialet.

Den nye innsynsløysinga for Askeladden gir tilgang til SEFRAK-data. Riksantikvaren distribuerer oppdaterte data via tenestene sine i Geonorge frå november 2025.

WMS-teneste

Riksantikvaren publiserer SEFRAK-data som ei WMS-teneste for bruk i geografiske informasjonssystem (GIS).

Publisert: 17. februar 2020 | Endret: 12. november 2025