Nyheter

Kulturarv inne i totalberedskapsmeldinga

Regjeringa la i dag fram stortingsmeldinga for totalberedskap. Kulturarven skal takast i vare når beredskapspolitikken i Noreg skal meislast ut for dei neste åra. 

Publisert: 10. januar 2025

Riksantikvarens hovudkontor i Trelastlageret, Schweigaards gate 28 Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Vi sett pris på at den viktige rolla som kulturarven spelar er godt representert i meldinga. Kulturarven er både mål, middel og motstandskraft i krig og krise, og vi er glade for at regjeringa sikrar den ytterlegare gjennom å inkludere den i den nasjonale beredskapen, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

– Riksantikvaren er godt i gang med rollen som nasjonal koordinator for oppfølging av Haag-konvensjonen, seier Geiran

Riksantikvar Hanna Geiran Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Internasjonale forpliktingar

Noreg er gjennom Haag-konvensjonen og andre protokoll internasjonalt forplikta til å ha beredskap for kulturarven i Noreg. Dette gjeld også i fredstid, og i desember 2023 fekk Riksantikvaren mandat frå Klima- og miljødepartementet som nasjonal koordinator for implementeringa av Haag-konvensjonen.

– Kulturarven vil alltid være mål og middel i væpna konflikt, og blir aktivt brukt av krigførande partar for å destabilisere samfunn, seier Hanna Geiran.

Kulturmiljø er ein viktig samfunnsfunksjon, og regjeringa seier i meldinga at det er vesentleg at kulturarven takast i vare i beredskapssystem. Riksantikvaren har fått mandat til å legge til rette for, og samordne, kunnskaps- og erfaringsutvekslinga på feltet i Noreg. Det inneber blant anna at Riksantikvaren skal samordne arbeidet og ansvaret dei ulike statlege sektorane har. Behovet for ein handlingsplan for implementeringa av Haag-konvensjonen skal utredast. Haag-konvensjonen seier at det skal opprettast ein nasjonal beredskapsgruppe for kulturverdiar, der sittande riksantikvar har rolla som generalkomissær og vil fungere som leiar for gruppa.

Avaldsnes kyrkje Under andre verdskrigen vart det reist eit tømmeroverbygg over mellomalderkyrkja for å kamuflere og beskytte den mot flyangrep. Foto: Ukjent, Riksantikvaren

Beredskap for kulturarv

Riksantikvaren arbeider med beredskap på fleire ulike felt, eksempelvis gjennom tilskot til- og oppfølging av brannsikring av kulturminne, og risiko- og sårbarheitsanalysar for kulturmiljø.

– Sikring av menneskeliv er alltid første prioritet, seier Hanna Geiran.

Kulturarven er sårbar, og vil alltid vere ekstra utsett for ytre påverkingar. UNESCO freistar gjennom Haag-konvensjonen og andre protokoll å verne kulturarven i væpna konflikt. UNESCO presiserer sjølv at øydelegging av kulturarv driv fram vald, hat og hemn mellom folk og svekkjer sjølve grunnlaget for fred, noko som gjer det vanskelegare å oppnå forsoning når krigen tek slutt. Difor har vern av kultur og kampen mot brotsverk retta mot kulturarv vore heilt i kjernen av UNESCO sitt oppdrag sidan organisasjonen vart grunnlagd.

– Når verdsarven i Syria og Ukraina blir utsett for målretta angrep, og vi ser reaksjonane når kjende og kjære kulturminne som Notre Dame og Børsen stå i flammar, så står det klart for oss at vi må ha nasjonal beredskap for vår eigen historie.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Les meldinga på Regjeringa sine nettsider

Kulturarv inne i totalberedskapsmeldinga

Regjeringa la i dag fram stortingsmeldinga for totalberedskap. Kulturarven skal takast i vare når beredskapspolitikken i Noreg skal meislast ut for dei neste åra.