I samarbeid med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Fortidsminneforeningen, Statsbygg og Kulturdirektoratet har Riksantikvaren laga ein ny rettleiar som skal gjere det enklare å tilpasse verna bygningar og anlegg til universell utforming. Til inspirasjon har Akershus fylkeskommune også bidratt med gode døme på universelt utforming frå heile landet.
På arrangementet blir rettleiaren og eksemplane presentert. Arrangementet vert strøyma, og det blir tilrettelagt med tegnspråktolk. Strøymelenke finner du er på www.riksantikvaren.no frå morgonen måndag 19. mai.
Program:
Velkommen, ved Audun Skeidsvoll, assisterande riksantikvar.
Innlegg ved Cato Lie, seniorrådgjevar i FFO.
Presentasjon av rettleiar og eksempelsamling, ved Aase Hogstfeldt-Eskevik, seksjonsleiar, og Josefine Rockett Westre rådgjevar.
Kaffi og enkel servering.
Riksantikvaren hyllar filminnspeling på freda gard
– Markens grøde gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Verdsarvutstillinga på plass i Hammerfest
No får «oppmålinga av verda» og verdsarvområdet Struves meridianboge den spektakulære verdsarvutstillinga.
Foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre
Riksantikvaren foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre, fordi bygningen er sterkt endret og har tapt mye av verdien som kulturminne.

