– Dette var overraskande! Det er veldig kjekt å bli satt pris på, og er ei anerkjenning for at det vi gjer er viktig for kulturarven. Rett og slett ei fjør i hatten, seier Sigurd Svendsen, leiar av Forbondeunionen.
Kvart år blir Riksantikvarens kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. Prisen vart delt ut 1. november under Riksantikvarens konferanse «Haustmøtet” som i år vert arrangert i Kristiansand.
– Lasskøyrartradisjonen på Røros samlar både tradisjonar og fysiske kulturminne på den beste måten. Eg er stolt over å gi denne prisen til Sigurd Svendsen og Forbondeunionen. Dei brukar fritida si på å halde tradisjonar i hevd og gjer eit framifrå stykke arbeid med å skape rikare opplevingar for alle dei som vitjar Rørosmartnan, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Lasskøyring var tidlegare tiders langtransport på vinterstid, seier Geiran. – I Bergstaden Røros er dei eit sjølvsagt høgdepunkt: Når Martnan opnar, køyrer rundt 90 ekvipasjar inn, og 5000 menneske er tilskodarar. Hestar blir stalla opp i Bergstaden, og fleire har lagt til rette for overnatting for hestar og folk. Slik bidrar tradisjonane til at også hus og uthus vert satt i stand og brukt.
Historie i lasta
Hestane er tradisjonsrike, norske dølahestar. Sledar og reiskap som vert brukt på turane er frå tida då slike turar var livsnødvendige. Før var varene som vart transportert til Røros mellom anna krut, jern og glas, no er varene dei har med seg historie og kunnskap. Dei har og hatt med seg smedar frå Sverige som er i smia under Martnan.
– Eg har tru på at tradisjonen held fram. Dei fleste som er med er i 40-50-åra, men vi har og mange unge. Både damer og menn, og der det er damer kjem det og alltid karar. Det sosiale er viktig i unionen. Vi møtest på fagsamlingar og utvekslar erfaringar. Og høgdepunktet er turen til Røros kvart år i februar, seier Sigurd Svendsen.
Vinterleden
Vinterleden var ei av dei mest trafikkerte ferdselsårene mellom Sverige, Femundsbygdene og Røros, og er ein representant for vintertransportrutene innanfor Circumferensen. Sigurd Svendsen registrerer og merker dei gamle ferdselsvegane slik at dei blir tekne vare på, både no og for ettertida.
Kleda som dei har på seg er tradisjonelle til sitt bruk, vadmål og ull, og skoa er av reinskinn eller stampa ull. Dei held seg tørre og varme, sjølv utan Goretex.
– Vi finn alltid fram, sjølv om det er dårleg ver. Kleda er bra, hestane er bra og humøret er bra, humrar Sigurd i skjegget.
– Verdsarven på Røros er alle i verda si felles kulturarv, seier Geiran, men det er folk som skapar liv i kulturminna våre. Difor er den store innsatsen til Svendsen og hans krets så viktig for verdsarven.
Juryen si grunngjeving
Med årets tildeling ynskjer juryen å rette merksemda mot samanhengen mellom materiell og immateriell kulturarv. UNESCOs liste over immateriell kulturarv feirar 20 år i 2023. UNESCO ønsker at denne konvensjonen bør sjåast i tettare samanheng med verdsarven, og mellom bygde kulturmiljø, levende kultur og menneske.
Tidlegare vinnarar av Riksantikvarens kulturminnepris:
2022: Venner av Aurlandsdalen
2021: Møllstunet i Geiranger
2020: Inga Næss
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreininga Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegarden v/eigarane Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skule og handverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153