Lyser ut midlar til kulturdriven lokal utvikling
Programmet legg vekt på samarbeid og støttar partnarskap mellom lokale styresmakter, kulturaktørar, sivilsamfunn og fagmiljø i Slovakia. Det blir òg oppmoda til samarbeid med partnarar frå gjevarlanda Noreg, Island og Liechtenstein. Slikt samarbeid skal gi betre prosjekt, meir innovasjon og større effekt over tid. Programmet vil gi eit viktig løft til kulturarv, kulturinfrastruktur og lokal utvikling i Slovakia.
Programmet omfattar:
- CLD01 – Berekraftig restaurering og revitalisering av kulturarv
- CLD02 – Kultursamarbeid
👉 Du finn begge utlysingstekstane og meir informasjon her
Restaurering og nytt liv til kulturarv
Gjennom utlysinga CLD01 kan Slovakiske søkarar få støtte til å setje i stand kulturminne og ta dei i bruk som møteplassar og kultursenter. Prosjekta skal vere berekraftige og involvere lokalsamfunnet. Målet er å kombinere vern av kulturarv med aktiv bruk – til dømes innan kultur, opplæring og lokal utvikling.
Som norsk partnar kan organisasjonen din gjennomføre aktivitetar saman med ein partnarorganisasjon i Slovakia. Døme på aktivitetar er å utvikle noko i fellesskap, som til dømes ein publikasjon, ein film eller ei utstilling, eller å arrangere seminar, konferansar eller arbeidsverkstadar. De kan også gjennomføre studieturar som ein del av samarbeidet. Norske partnarar kan få dekka kostnader til administrasjon, rekneskap, reiser og andre aktivitetar knytt til prosjektet.
Moglegheitene er mange, og det er opp til organisasjonane i prosjektet å bli samde om konkrete aktivitetar og leveransar. Eit godt råd til norske partnarar er å knyte prosjektaktivitetane til eigne strategiar og handlingsplanar. Då får de større nytte av samarbeidet for eigen organisasjon.
Har du spørsmål om utlysinga til kulturarv kan du ta kontakt med Riksantikvarens EØS-team på eeagrants@ra.no
Støtte til kultursamarbeid
Utlysinga CLD02 gir støtte til etablering og utvikling av kultur- og samfunnssenter. Ordninga skal styrkje deltaking i kulturliv, betre tilgangen til kultur og utvikle kultursenter som motorar i lokal utvikling. Målgruppa er mellom anna kulturorganisasjonar, kommunar og andre aktørar som arbeider med kulturtilbod og infrastruktur lokalt i Slovakia. Kulturdirektoratet er kontaktpunkt for norske aktørar som vil vite meir om denne utlysinga.
Les meir om utlysinga til kultursamarbeid på Kulturdirektoratets heimesider.
Informasjonsmøte på nett 3. juni
Riksantikvaren og Kulturdirektoratet inviterer til digitalt informasjonsmøte om kulturprogrammet i Slovakia, onsdag 3. juni kl 10:00-10:45.
Innsigelse mot høyhus på Oslo S
Riksantikvaren reiser innsigelse mot detaljregulering for Jernbanetorget 1 i Oslo.
3,5 millionar til kulturmiljø over heile landet
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
Hva om vern er det smarteste klimatiltaket vi har?
Naturen står sentralt i årets Arkitekturtriennale i Oslo. Nå spør Riksantikvaren triennalen: Hva om kulturmiljø kom først?
