Aktuelt
Podkast og strøymingar
Her kan du sjå og høyre meir om kulturarven og fascinerande detaljar om kulturminna våre.
Lytt til kulturarven : Riksantikvarens podkast
Lytt til kulturarven: I podkasten vår «Alt du ikkje visste om» finn du svar på alt du ikkje visste om kulturminneKulturminner er alle spor etter menneskers liv og virke i vårt fysiske miljø. Begrepet omfatter også steder det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi er kulturminner, eller kan inngå som del av et kulturminne. Kulturminner kan for eksempel være bygninger, hager, gravhauger, helleristninger, båter eller veifar. Disse kan være fra tidligere tider eller fra vår egen tid. Det skilles mellom løse og faste kulturminner. og dei spanande historiane kring dei. Podkasten skal vere informativ og relevant, men også innehalde morosame fakta om alt frå mellomalderbygg og gamle rutebåtar, til kokegroper og stabbur. Alt henta frå Riksantikvaren sitt virke.
Podkasten baserer seg på samtalar med Riksantikvaren sine tilsette. Her får dei tid til å reflektere over sitt fagfelt og arbeidet dei gjer for kulturminna våre.
Under finn du til ein kvar tid nyaste episode, dei ligg også ute på https://shows.acast.com/alt-du-ikkje-visste-om
Livesendingar og strøyming
Facebook-sidane , Peertube-kanalen og Youtube-kanalen våre oppdaterast regelmessig med nye filmar og opptak av strøyma arrangementer. Følg oss gjerne her også!


