Forslaga til bevaringsstrategiane for bygders og byars kulturmiljø og næringars og industriars kulturmiljø vart mandag levert til Klima- og miljødepartementet (KLD).
Begge strategiane var på høyring fram til sommaren, og fekk 115 innspel.
– Me fekk mange konstruktive innspel, som har vore svært nyttige i arbeidet med å omarbeida og sluttføra begge strategiforslaga, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– Me har gjort nokre endringar etter høyringsrunden, som me meiner har styrkt strategiane. Riksantikvaren kjenner seg trygge på at strategiane vil bidra til å løfta innsatsen for å ta vare på sårbare kulturmiljø. Me er også glade for at det er brei støtte til kva begge strategiane skal bidra til, seier Skeidsvoll.
Skal styrkje kulturmiljøa
Desse bevaringsstrategiane skal styrkja og samordna innsatsen i samfunnet, slik at me kan ta vare på kulturmiljøa for framtida.
Begge strategiane har ein felles struktur, med eitt hovudtema og underliggjande deltema. Desse deltemaa handlar om sentrale utviklingstrekk og kulturmiljøtypar som det er liten kunnskap om, eller der tapet er stort.
Eit av temaa som Riksantikvaren foreslår skal løftast fram er den bevegelege kulturarven. Der er frivillig engasjement ein viktig ressurs.
Mange høyringsinnspel har peika på at kunnskapen til dei frivillige er viktige for å vareta kulturarven. Riksantikvaren vonar at strategien bidra til at den viktige kompetansen i miljøa omkring dei bevegelege kulturminna blir vidareført og kjem fleire kulturminne til gode.
Bevaringsstrategien for bygder og byar skal bidra til at kunnskap og kompetanse om kulturhistoriske verdiar vert styrka og tatt i bruk. Gjennom demokratiske prosesser skal bygder og byars identitet og særpreg ivaretas, og kulturmiljø knytt til bustadhistorien skal brukast som viktige ressursar i berekraftig samfunnsutvikling. Det ligg eit stort potensial i å bevara og bruka eksisterande fellesskapsarenaer på ein god og langsiktig måte – til nytte og glede for enkeltpersonar, lokalsamfunn og samfunnet i sin heilheit.
Til vurdering hos KLD
No skal KLD vurdera forslaga, og gjere eventuelle endringar, før strategiane er klare til å bli sett i verk.
I arbeidet med begge bevaringsstrategiane har Riksantikvaren henta kunnskap og lagt til rette for medverknad. Bevaringsstrategiane som har vært på høyring, er baserte på denne prosessen.
Medverknadsprosessen før høyringa har gjennom våren bestått av spørjeundersøkingar, ressursgruppemøter, digitale dialogmøter, konsultasjonar med Sametinget og samling med fylkeskommunanes og Sametingets leiarar for kulturarv.
Riksantikvaren har utarbeidd forslaga på oppdrag frå KLD.
Bevaringsstrategiane for kystens og landbrukets kulturmiljø vart vedteke 14. februar i år.
Les forslaga her:
Pressekontakt:
Ring oss: 404 65 153
Send e-post: kom@ra.no
Planlegging av ny bru ved Fetsund lensar kan halde fram
No varslar Riksantikvaren avfreding for delar av området rundt det freda anlegget, og vil gå i dialog med Statens vegvesen om utforming av ny bru for å minske konsekvensane.
Underteikna avtale med Tsjekkia om EØS-midlar
Statssekretær Astrid Bergmål i Utenriksdepartementet underteikna avtalen om ein ny periode med EØS-midlar i Slovakia.
Kulturminneprisen 2025 til kystkulturens mann i Troms
Riksantikvaren gir årets kulturminnepris til Ole-Magnus Ellefsen. Han er ein eldsjel som inspirerer og deler kunnskapen sin om kystens kulturminne og handverk.
