Nyheter

Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé

Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.

Publisert: 20. november 2026

Luftfoto av Bryggen i Bergen, Norge, med historiske trebygninger langs vannkanten, en trafikkert vei og flere båter fortøyd i havnen.
Bryggen I Bergen Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Vår samla vurdering er at detaljreguleringa for Bybanen, delstrekninga Kaigaten-Sandviken, og hovudsykkelruta over Bryggen kan godkjennast av kommunen, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Ei godkjenning føreset at det blir gjennomført nødvendige arkeologiske undersøkingar og avbøtande tiltak, mellom anna miljøovervaking og risikostyring for å unngå påverknad av grunnvatnet.

I Bergen er det fleire kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi. Det fører med seg strenge krav til nye tiltak som verkar inn på desse verdiane.

– Bybanen er det viktigaste klimatiltaket Bergen kommune gjennomfører for å styre mot å bli eit lågutslepp-samfunn, seier Geiran.

–   Kulturmiljøa må takast vare på samstundes som bane og sykkelveg bidreg til ei berekraftig byutvikling og betre transportløysingar i Bergen, seier Geiran.

Utfordringar med grunnvatn

Vurderinga byggjer på omsynet til kulturminne og kulturmiljø, som Riksantikvaren har ansvar for, krava i planforslaget til å unngå senking av grunnvatn og tiltaket si samfunnsnytte. Det gjeld spesielt i området som er definert som «Mellomalderbyen».

– I Bergen, og spesielt i Mellomalderbyen, har vi bokstaveleg tala tusen år med historie rett under føtene våre, nokre stader berre centimeter under fortau og bilveg, seier Geiran.

Store delar av Bergen sentrum er fundamentert på mellomaldergrunn. Den største usikkerheita i planforslaget er fare for grunnvassenking. Ei grunnvassenking vil ikkje berre råka kulturminne og kulturmiljø, men også stabiliteten i grunnen som bygningar er fundamenterte på.

– Begge prosjekta føreset arkeologiske undersøkingar, og for Bybanen også omfattande overvaking og sikring av grunnvatn og kulturlag, seier Geiran.

Store kulturmiljøverdiar

Mellomalderbyen Bergen, Bergen domkyrkje, Bergenhus festning og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi. Det inneber strenge krav til nye tiltak som vil kunne få verknad for desse verdiane.

– Vi må forvalte verdsarven vår etter beste praksis, og sikre dei viktige kulturmiljøa i byen som vert påverka av tiltaka, seier Geiran.

– Bergen kommune har jobba godt med planforslaga for Bybanen, og sykkeltraseen følgjer i stor grad den som låg føre i reguleringa av bybanetraseen over Bryggen, seier Geiran.

– Det er også positivt at planforslaget held fast ved betringa av byrommet framfor Bryggen, seier Geiran.

Dei strenge krava i planforslaget, avbøtande tiltak og overvakinga i planforslaget er avgjerande for å sikre verdsarven, dei ulike verdiane og dei historiske kjenneteikna i Bergen.

En kvinne i mørk dress står innendørs og lener seg på et glassrekkverk i en moderne, godt opplyst bygning med trebjelker og uskarpe bakgrunnselementer.
Riksantikvar Hanna Geiran Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Luftfoto av Bryggen i Bergen, Norge, med historiske trebygninger langs vannkanten, en trafikkert vei og flere båter fortøyd i havnen.

Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé

Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.