Aktuelt
Riksantikvarens podkast
I podkasten vår «Alt du ikkje visste om» får du høyre meir om kulturarven og fascinerande detaljar om kulturminna våre.
Lytt til kuturarven: Her finn du svar på alt du ikkje visste om kulturminne og dei spanande historiane kring dei. Podkasten skal vere informativ og relevant, men også innehalde morosame fakta om alt frå mellomalderbygg og gamle rutebåtar, til kokegroper og stabbur. Alt henta frå Riksantikvaren sitt virke.
Podkasten baserer seg på samtalar med Riksantikvaren sine tilsette. Her får dei tid til å reflektere over sitt fagfelt og arbeidet dei gjer for kulturminna våre.
Under finn du til ein kvar tid nyaste episode, dei ligg også ute på https://shows.acast.com/alt-du-ikkje-visste-om