Nyheter

Sjå oversikta: desse kyrkjene får tilskot i 2025

Kyrkjebevaringsfondet har teke imot totalt 164 søknadar om tilskot frå kulturhistorisk viktige kyrkjer frå nesten heile landet. No er fordelinga klar.

Publisert: 5. februar 2025 | Endret: 12. februar 2025

Tilskot frå Kyrkjefondet i 2025 Dagleg leiar i kyrkjefondet Oddbjørn Eide og riksantikvar Hanna Geiran har motteke 164 søknader om tilskot frå kyrkjefondet for 2025. Her er dei på besøk i Johanneskirken i Bergen i samband med at tildelinga no er lansert. – Kyrkjene er både prakt- og bruksbygg, og vi treng fleire dyktige handverkarar til å utføre vedlikehalds- og restaureringsarbeid i tida som kjem, seier Geiran. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

– Regjeringa syner at dei meiner alvor med å satse på kyrkjene ved å sette av 300 millionar i tilskot for 2025, seier Oddbjørn Eide, dagleg leiar i kyrkjefondet.

Det er varsla ei gradvis opptrapping til 500 millionar etter at startskotet gjekk i 2024, slik skal det sikrast at det er tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse for å gjennomføre prosjekt som er planlagt.

– Det er veldig godt å sjå at kyrkjebevaringsfondet er oppe og står, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Befaring i Johanneskirken
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Befaring i Johanneskirken
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Befaring i Johanneskirken F. v. dagleg leiar i Kyrkjefondet Oddbjørn Eide og riksantikvar Hanna Geiran.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Befaring i Johanneskirken
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

I samband med tildelinga besøkte Geiran og Eide Johanneskirken i Bergen. Kyrkja er bygd i teglstein og er ein av få kyrkjer av denne typen i landet. For bergensrarar og besøkande i byen er ho eit landemerke, og står no føre ei omfattande restaurering. Kyrkja har fått 11,2 millionar i tilskot, og tilsagn for 58,5 millionar i 2025 frå Kyrkjefondet.

– Kyrkjene er både prakt- og bruksbygg, og vi treng fleire dyktige handverkarar til å utføre vedlikehalds- og restaureringsarbeid i tida som kjem, seier riksantikvar Hanna Geiran, fungerande styreleiar for kyrkjebevaringsfondet.

– Difor arbeider vi parallelt med tiltak i vår eigen handverksstrategi. No er tida verkeleg moden for dei som ønskjer å satse på restaurering og tradisjonelle handverk, seier Geiran.

Befaring i Johanneskirken F.v. riksantikvar Hanna Geiran, prosjektleiar i Akasia Frank Erik Henriksen, og kyrkjebyggsjef Arne Tveit.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Befaring i Johanneskirken
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Befaring i Johanneskirken F.v. riksantikvar Hanna Geiran, kyrkjeverge Mette Svanes, og dagleg leiar i Kyrkjefondet Oddbjørn Eide.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Befaring i Johanneskirken
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Første tilskotsrunde frå Trondheim

Fondet har tre program, fordelt på kyrkjene si alder, og fire innsatsområde innanfor desse programma.

Programma er: Mellomalderkyrkjer, kyrkjer frå 1537-1850 og kyrkjer bygd etter 1850.

Under kvart av desse programma har ein følgjande innsatsområde:

  • Bevaring: Istandsetting, sikring og konservering.
  • Kunnskap og kompetanse: Utvikling av kunnskap og kompetanse hjå handverkarar, rådgjevarar og kyrkjeforvaltarar.
  • Opplevingar og formidling: Tilrettelegging for opplevingar og formidling av kyrkjas historie til ulike målgrupper.
  • Engasjement og deltaking: Mobilisering av lokalsamfunn og frivillige til å delta i bevaringsarbeidet.

I år er det også for første gong delt ut tilskot til prosjekt under det andre innsatsområdet “Kunnskap og kompetanse”:

– I år deler vi også ut tilskot og tilsegn til prosjekt der utvikling av kunnskap og kompetanse er føremålet, seier Oddbjørn Eide, dagleg leiar av programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet.

– Dette er tilskot som både skal sikre og heve kvaliteten på arbeidet som gjerast på kyrkjene. Difor ønskjer vi at handverkarar, rådgjevarar og dei som forvaltar kyrkjene søkjer gjennom ordninga, slik at kunnskapen blir betre og utviklast i alle ledd, seier Eide.

Fleire ulike prosjekt og problemstillinga

Kyrkjene er sårbare kulturminne og det er mange ulike problemstillingar knytt til restaureringa av dei. Dette speglar seg også i søknadane som er komne inn til kyrkjefondet.

– Det skal bli spanande å følgje prosjekta framover. Fleire har lagt opp til formidling og deltaking med virtuelle omvisingar, formidling gjennom sosiale medium og opne dagar i prosjektperioden, seier Eide.

I år er det mellom anna gitt tilskot til store malingsprosjekt som inkluderer vasking og skraping. Nokon skal restaurere grunnmur og berande konstruksjonar. Det skal takast ned skifer frå tak, tekkast med kobbar og fugast på nytt. Og, ikkje minst, er det gitt tilskot til viktige tiltak som brannsikring og universell utforming.

– Vi gler oss saman med kyrkjene som har fått tilskot, og er trygge på at kyrkjeløftet byggjast på fjell og ikkje sand, seier Eide.

Fakta om ordninga

Kyrkjebevaringsfondet starta opp i 2024, og fordelte nærare 100 millionar til 44 kyrkjer som ei start på tilskotsordninga.

Den andre søknadsrunden kom allereie før jul.

Regjeringa har tidlegare varsla ei gradvis opptrapping opp mot 500 millionar kroner i året til kyrkjebevaringsfondet.

Sjå bevaringsstrategien for kyrkjene her.

Kyrkjebevaringsfondet er eigd av Barne- og familiedepartementet, som har utnemnt eit programstyre med medlemmer frå Den norske kyrkja, Hovedorganisasjonen KA og Riksantikvaren.

Riksantikvaren leier sekretariatet for fondet og forvaltar ordninga.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153

Tilskudd til kirker

wdt_ID Kirkens navn Type prosjekt Fylke Kommune Bevaringsprogram Tilskudd 2025 Tilsagn 2026
1 Alstahaug kirke Særskilt forprosjekt Nordland Alstahaug Middelalder 135,000.00
2 Aukra kirke Hovedprosjekt Møre og Romsdal Aukra 1537-1850 370,000.00 370,000.00
3 Berg stenkirke Hovedprosjekt Vestfold Larvik Middelalder 460,000.00
4 Bergen domkirke Særskilt forprosjekt Vestland Bergen Middelalder 300,000.00 200,000.00
5 Bispekapellet, Stavanger Særskilt forprosjekt Rogaland Stavanger Middelalder 325,000.00
6 Bjølstad kapell Hovedprosjekt Innlandet Sel Middelalder 25,000.00
7 Bjølstad kapell Overordnet forprosjekt Innlandet Sel Middelalder 380,000.00 30,000.00
8 Bjørke kirke Overordnet forprosjekt Akershus Nannestad 1537-1850 350,000.00
9 Borre kirke Overordnet forprosjekt Vestfold Horten Middelalder 250,000.00 200,000.00
10 Båstad kirke Hovedprosjekt Østfold Indre Østfold Etter 1850 1,000,000.00 890,000.00
11 Eide kirke Hovedprosjekt Agder Grimstad 1537-1850 2,015,000.00
12 Eide kirke Særskilt forprosjekt Agder Grimstad 1537-1850 345,000.00
13 Eidsberg kirke Særskilt forprosjekt Østfold Indre Østfold Middelalder 265,000.00
14 Eidsvoll kirke Hovedprosjekt Akershus Eidsvoll Middelalder 1,000,000.00 3,000,000.00
15 Eidsvoll kirke Særskilt forprosjekt Akershus Eidsvoll Middelalder 500,000.00
16 Elverhøy kirke Hovedprosjekt Troms Tromsø 1537-1850 6,445,000.00
17 Elverum kirke Overordnet forprosjekt Innlandet Elverum 1537-1850 320,000.00 70,000.00
18 Fagerborg kirke Særskilt forprosjekt Oslo Oslo Etter 1850 820,000.00
19 Fana kirke Særskilt forprosjekt Vestland Bergen Middelalder 500,000.00
20 Fjære kirke Særskilt forprosjekt Agder Grimstad Middelalder 330,000.00
21 Flåm kyrkje Særskilt forprosjekt Vestland Aurland 1537-1850 200,000.00
22 Folldal kirke Hovedprosjekt Innlandet Folldal Etter 1850 425,000.00
23 Folldal kirke Særskilt forprosjekt Innlandet Folldal Etter 1850 65,000.00
24 Follebu kirke Overordnet forprosjekt Innlandet Gausdal Middelalder 265,000.00
25 Gamle Aker kirke Særskilt forprosjekt Oslo Oslo Middelalder 820,000.00
26 Gildeskål gamle kirke Overordnet forprosjekt Nordland Gildeskål Middelalder 340,000.00
27 Gjerdrum kirke Hovedprosjekt Akershus Gjerdrum 1537-1850 2,300,000.00
28 Gjøvdal kirke Hovedprosjekt Agder Åmli 1537-1850 130,000.00
29 Glemmen gamle kirke Særskilt forprosjekt Østfold Fredrikstad Middelalder 1,735,000.00
30 Gol kyrkje Hovedprosjekt Buskerud Gol Etter 1850 3,000,000.00
31 Gravberget kirke Hovedprosjekt Innlandet Våler Etter 1850 2,250,000.00
32 Grindheim kyrkje Overordnet forprosjekt Vestland Etne 1537-1850 340,000.00
33 Hamre kirke Hovedprosjekt Vestland Osterøy 1537-1850 90,000.00
34 Haug kirke Overordnet forprosjekt Buskerud Øvre Eiker Middelalder 290,000.00
35 Hedrum kirke Hovedprosjekt Vestfold Larvik Middelalder 680,000.00
36 Hegge stavkyrkje Særskilt forprosjekt Innlandet Øystre Slidre Middelalder 520,000.00
37 Hegra kirke Særskilt forprosjekt Trøndelag Stjørdal 1537-1850 125,000.00
38 Helgheim kyrkje Hovedprosjekt Vestland Sunnfjord Etter 1850 1,725,000.00
39 Hidra kirke Hovedprosjekt Agder Flekkefjord Etter 1850 1,000,000.00
40 Hjelmeland kyrkje Særskilt forprosjekt Rogaland Hjelmeland Etter 1850 35,000.00
41 Hobøl kirke Særskilt forprosjekt Østfold Indre Østfold Middelalder 265,000.00
42 Hoff kirke Hovedprosjekt Innlandet Østre Toten Middelalder 1,150,000.00
43 Holmen kirke Overordnet forprosjekt Akershus Asker Etter 1850 280,000.00
44 Holmsbu kirke Hovedprosjekt Akershus Asker Etter 1850 1,180,000.00
45 Holter kirke Overordnet forprosjekt Akershus nannestad 1537-1850 390,000.00
46 Hopperstad stavkyrkje Særskilt forprosjekt Vestland Vik Middelalder 1,235,000.00
47 Hurum kirke Hovedprosjekt Akershus Asker Middelalder 4,805,000.00
48 Høydalsmo kyrkje Overordnet forprosjekt Telemark Tokke 1537-1850 600,000.00
49 Ibestad kirke Overordnet forprosjekt Troms Ibestad Etter 1850 545,000.00 155,000.00
50 Jelsa kyrkje Særskilt forprosjekt Rogaland Suldal 1537-1850 350,000.00
51 Kinn kyrkje Særskilt forprosjekt Vestland Kinn Middelalder 500,000.00
52 Kjerringøy kirke Hovedprosjekt Nordland Bodø Etter 1850 3,300,000.00
53 Kråkstad kirke Overordnet forprosjekt Akershus Nordre Follo Middelalder 230,000.00
54 Kvikne kyrkje Hovedprosjekt Innlandet Nord-Fron 1537-1850 1,500,000.00 1,240,000.00
55 Landvik kirke Særskilt forprosjekt Agder Grimstad 1537-1850 380,000.00
56 Lund kirke Hovedprosjekt Rogaland Lund 1537-1850 1,125,000.00
57 Lysekloster kapell Hovedprosjekt Vestland Bjørnafjorden 1537-1850 500,000.00
58 Lørenskog kirke Hovedprosjekt Akershus Lørenskog Middelalder 3,005,000.00
59 Løten kirke Overordnet forprosjekt Innlandet Løten Middelalder 475,000.00
60 Namdalseid kirke Hovedprosjekt Trøndelag Namsos Etter 1850 375,000.00
61 Nannestad kirke Overordnet forprosjekt Akershus Nannestad Middelalder 390,000.00
62 Narvik kirke Hovedprosjekt Nordland Narvik Etter 1850 3,600,000.00
63 Nesna kirke Særskilt forprosjekt Nordland Nesna Etter 1850 535,000.00
64 Nittedal kirke Hovedprosjekt Akershus Nittedal Etter 1850 1,610,000.00
65 Norddal kyrkje Særskilt forprosjekt Møre og Romsdal Fjord 1537-1850 300,000.00
66 Norum/ Ølmheim kyrkje Hovedprosjekt Vestland Sogndal Etter 1850 915,000.00
67 Nykirke Særskilt forprosjekt Buskerud Modum 1537-1850 95,000.00
68 Nykirke kirke Overordnet forprosjekt Vestfold Horten Middelalder 250,000.00 200,000.00
69 Nærøy gamle kirke Overordnet forprosjekt Trøndelag Nærøysund Middelalder 640,000.00
70 Nøtterøy kirke Hovedprosjekt Vestfold Færder Middelalder 350,000.00
71 Nøtterøy kirke Overordnet forprosjekt Vestfold Færder Middelalder 345,000.00
72 Ramnes kirke Overordnet forprosjekt Vestfold Tønsberg Middelalder 425,000.00
73 Rødøy kirke Overordnet forprosjekt Nordland Rødøy Etter 1850 540,000.00
74 Røros kirke Overordnet forprosjekt Trøndelag Røros 1537-1850 155,000.00
75 Røros kirke Særskilt forprosjekt Trøndelag Røros 1537-1850 585,000.00
76 Råde kirke Hovedprosjekt Østfold Råde Middelalder 3,145,000.00
77 Råde kirke Særskilt forprosjekt Østfold Råde Middelalder 690,000.00
78 Sandefjord kirke Hovedprosjekt Vestfold Sandefjord Etter 1850 13,750,000.00
79 Sandnessjøen kirke Hovedprosjekt Nordland Alstahaug Etter 1850 5,445,000.00
80 Sandvikskirken Hovedprosjekt Vestland Bergen Etter 1850 1,660,000.00
81 Sauherad kirke Overordnet forprosjekt Telemark Midt-Telemark Middelalder 380,000.00 120,000.00
82 Selbu kirke Hovedprosjekt Trøndelag Selbu Middelalder 545,000.00 50,000.00
83 Selbu kirke Særskilt forprosjekt Trøndelag Selbu Middelalder 70,000.00
84 Siljan kirke Overordnet forprosjekt Telemark Siljan Middelalder 480,000.00
85 Skatval kirke Særskilt forprosjekt Trøndelag Stjørdal Etter 1850 120,000.00
86 Ski middelalderkirke Overordnet forprosjekt Akershus Nordre Follo Middelalder 400,000.00
87 Skjåk kyrkje Hovedprosjekt Innlandet Skjåk 1537-1850 2,270,000.00
88 Skoger kirke Særskilt forprosjekt Buskerud Drammen Middelalder 480,000.00
89 Strandebarm kyrkje Hovedprosjekt Vestland Kvam Etter 1850 4,500,000.00
90 Strøm kirke Overordnet forprosjekt Innlandet Sør-Odal Etter 1850 200,000.00 50,000.00
91 Strømsø kirke Hovedprosjekt Buskerud Drammen 1537-1850 1,550,000.00
92 Styrvoll kirke Hovedprosjekt Vestfold Larvik Middelalder 280,000.00
93 Stødle kyrkje Særskilt forprosjekt Vestland Etne Middelalder 420,000.00
94 Svarstad kirke Hovedprosjekt Vestfold Larvik 1537-1850 725,000.00
95 Svelvik kirke Hovedprosjekt Buskerud Drammen Etter 1850 1,770,000.00
96 Søsterkirkene på Gran - Mariakirken Hovedprosjekt Innlandet Gran Middelalder 1,345,000.00
97 Tangen kirke Hovedprosjekt Buskerud Drammen Etter 1850 1,190,000.00
98 Tanum kirke Overordnet forprosjekt Vestfold Larvik Middelalder 610,000.00 170,000.00
99 Tjøme kirke Hovedprosjekt Vestfold Færder Etter 1850 3,900,000.00 1,315,000.00
100 Tjøme kirke Overordnet forprosjekt Vestfold Færder Etter 1850 315,000.00
101 Tomter kirke Overordnet forprosjekt Østfold Indre Østfold 1537-1850 300,000.00
102 Tovdal kirke Hovedprosjekt Agder Åmli 1537-1850 120,000.00
103 Trefoldighet kirke Særskilt forprosjekt Agder Arendal Etter 1850 1,345,000.00 145,000.00
104 Tretten kirke Hovedprosjekt Innlandet Øyer 1537-1850 1,190,000.00
105 Tromøy kirke Særskilt forprosjekt Agder Arendal Middelalder 510,000.00 170,000.00
106 Trondenes kirke Hovedprosjekt Troms Harstad Middelalder 1,030,000.00 40,000.00
107 Trøgstad kirke Særskilt forprosjekt Østfold Indre Østfold Middelalder 355,000.00 100,000.00
108 Tydal kirke Hovedprosjekt Trøndelag Tydal 1537-1850 885,000.00 885,000.00
109 Tydal kirke Overordnet forprosjekt Trøndelag Tydal 1537-1850 545,000.00
110 Tysvær kirke Særskilt forprosjekt Rogaland Tysvær Etter 1850 95,000.00
111 Ulvik kyrkje Overordnet forprosjekt Vestland Ulvik Etter 1850 215,000.00 10,000.00
112 Utstein klosterkirke Overordnet forprosjekt Rogaland Stavanger Middelalder 1,285,000.00
113 Vangen kyrkje Særskilt forprosjekt Vestland Aurland Middelalder 350,000.00 80,000.00
114 Vega kirke Overordnet forprosjekt Nordland Vega Etter 1850 500,000.00
115 Venabygd kyrkje Hovedprosjekt Innlandet Ringebu 1537-1850 805,000.00
116 Vestvik kirke Hovedprosjekt Trøndelag Inderøy Etter 1850 540,000.00
117 Våle kirke Overordnet forprosjekt Vestfold Tønsberg Middelalder 425,000.00
118 Våler kirke Overordnet forprosjekt Østfold Våler i Østfold Middelalder 445,000.00
119 Våler kirke Særskilt forprosjekt Østfold Våler i Østfold Middelalder 1,075,000.00
120 Vår frelsers kirke, Drøbak Hovedprosjekt Akershus Frogn 1537-1850 3,500,000.00
121 Vår frue kirke, Mariakirken Hovedprosjekt Trøndelag Trondheim Middelalder 4,150,000.00
122 Østre Gausdal kirke Særskilt forprosjekt Innlandet Gausdal Middelalder 315,000.00
123 Øye kyrkje Overordnet forprosjekt Innlandet Vang 1537-1850 400,000.00 150,000.00
124 Ålesund kirke Hovedprosjekt Møre og Romsdal Ålesund Etter 1850 6,730,000.00
125 Årdal gamle kyrkje Hovedprosjekt Rogaland Hjelmeland 1537-1850 105,000.00
126 Årdal kyrkje Særskilt forprosjekt Agder Bygland 1537-1850 650,000.00
127 Årstad kirke Hovedprosjekt Vestland Bergen Etter 1850 665,000.00 620,000.00
Kirkens navn Type prosjekt Fylke Kommune Bevaringsprogram Tilskudd 2025 Tilsagn 2026

Tilskudd til kompetanseheving

wdt_ID Søkers virksomhet Kort redegjørelse for prosjektet Tilskudd 2025 Tilsagn 2026
1 Fortidsminneforeningen Kunnskapsprosjekt om påføring og holdbarhet av milebrent tjære som overflatebehandling på kirker. 1,123,000.00 1,123,000.00
2 Fortidsminneforeningen Prosjektet "Varig virke" som skal sikre trevirke av god og rett kvalitet til restaurering av kirker. 868,000.00 963,000.00
3 Fortidsminneforeningen (Aust-Agder lokallag) Prosjektet "Etablering av praktisk kursarena for tradisjonell kalkbrenning i Tvedestrand. Kunnskap og formidling om kalk i Agder og tilgrensende fylker". 100,000.00 50,000.00
4 Innlandet fylkeskommune Etablering av fast seminarserie for lærere i den videregående skolen med fokus på tradisjonshåndverk og istandsetting. Samarbeid mellom NTNU, NDR og Innlandet fylkeskommune. 500,000.00
5 Kristiansand kommune Organisering av kurs og opplæring. 325,000.00
6 Kyrkjekultur Vest AS (på vegne av Vestland fylkekommune, Bergen kommune, Bjørgvin bispedømme og Kirkens Bymisjon) Informasjonsarbeid og nettverksbygging for fagmiljøer relevante for Kirkebevaringsfondet på Vestlandet. 75,000.00
7 Larvik kirkelige fellesråd Kurs (4 uker) i tradisjonell kalkmuring på middelalderkirker. 920,000.00 920,000.00
8 Museumssenteret i Hordaland Program for bevaring av kirketekstiler. 563,000.00
9 Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) Søker midler til å utvikle et videreutdanningstilbud i bygningsvern og restaurering for håndverkere. Samarbeid mellom NTNU, NDR og Innlandet fylkeskommune. 425,000.00
10 Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) Prosjektet "Historiske kalkmørtler i middelalderske steinkirker. Et kunnskapsløft basert på analyser utført på 50 middelalderkirker og -anlegg" (3 år). 1,040,000.00 1,000,000.00
11 Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) Desentralisert etter- og videreutdanningstilbud (læringsarenaer) til håndverkere og rådgivere innen antikvarisk istandsetting. Samarbeid mellom NTNU, NDR og Innlandet fylkeskommune. 1,600,000.00
12 Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) Kartlegging av gravkrypter i Nordland, Troms og Finnmark samt tilstandsanalyse/kulturhistorisk registrering av gravkrypten i Trondenes kirke. 356,800.00
13 Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) Tilstandsregistrering av muralmaleriene i norske middelalderkirker i stein. Videreføring av påbegynt prosjekt (22 av 53 kirker registrert). 1,200,000.00
14 Totalsum 9,095,800.00 4,056,000.00
Søkers virksomhet Kort redegjørelse for prosjektet Tilskudd 2025 Tilsagn 2026