Det er også fleire som engasjerer seg aktivt for å bevara kulturminne og kulturmiljø enn før, med ein auke på to prosentpoeng frå 2024. Til saman ein femdel (20 prosent) av befolkninga engasjerer seg aktivt, i form av medlemskap i foreiningar, frivillig arbeid eller andre aktivitetar.
41 prosent seier at dei er litt interesserte, medan berre 10 prosent oppgir at dei ikkje har interesse for kulturarven.
Menn er generelt litt meir interesserte i kulturminne enn kvinner, medan yngre kvinner er meir aktivt engasjerte enn yngre menn. Det er bebuarar i småbyar under 20 000 innbyggjarar og i storbyane som er mest aktive.
– Det er fantastisk å sjå at så mange er opptekne av å ta vare på det me har, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Mange tenkjer at kulturminne handlar om ting, men det handlar om menneske, historia og tilhøyrselen vår. Kulturarven fortel historia om Noreg, om kven me er og kvar me kjem frå, sier ho.
Småbruk og bygardar, fartøy og fabrikkar, krigsminne og kokegroper, landskap og gravhaugar er ulike, men har likevel til felles at dei er spor etter menneske.
– Både frivillige og me i forvaltninga jobbar systematisk for at fleire folk skal engasjera seg. Me veit at det er nokre tema som alltid fengjer, som vikingarven og krigshistoria, men me har ei rik historie som fellesskapen eig saman. Denne arven er ein ressurs for samfunnet, seier Geiran.
– Noko av auken i interessa kan komma av at me lever i urolege tider, seier Geiran.
– Når verda blir farlegare, opplever me at også vårt eige land har store verdiar å verna, og me søkjer tryggleik og tilhøyrsel i kulturarven.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Riksantikvaren på Arendalsuka 2026
Riksantikvaren deltek på fleire arrangement under Arendalsuka 2026. Her er ei oversikt over arrangementa vi deltek på.
Åpner vikingskipsgrav på Karmøy
Grønhaug – som knyttes til Harald Hårfagres tid – skal undersøkes 124 år etter forrige utgraving.
Utlysning av EØS-midler til kulturarv i Polen åpen nå
Norske organisasjoner kan nå søke om å delta i prosjektene som juniorpartner.

