Trehusbyen i Levanger er eit av Norges 13 freda kulturmiljø. Eit kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap.
Dette er ei freding der ein legg vekt på verne større fysiske samanheng som samla sett har nasjonal verdi, sjølv om nokre objekt innanfor kulturmiljøet har ein lågare kulturminneverdi åleine.
– Vi har vurdert alle side av saka, og har ikkje funne feil i korleis Trøndelag fylkeskommune har handsama saka, seier Kaare Stang, leiar for juridisk seksjon hos Riksantikvaren.
– Vilkåra i lova for å gje dispensasjon er ikkje oppfylte, og difor kan vi ikkje gi løyve til riving, sier Stang.
Det er på det rene at Normilk er ein viktig verksemd for Levanger. Grønnbrygga ligg midt i det freda kulturmiljøet, og Normilk ønskjer å utvide verksemda med ei ny melketørke. Det vil innebere at Grønnbrygga må fjernes frå eigendommen.
I likskap med Trøndelag fylkeskommune finn Riksantikvaren at det å rive Grønnbrygga vil vere eit vesentleg inngrep i Levanger kulturmiljø. Etter lova kan ein ikkje gi løyve til vesentlege inngrep.
– Vi vil påpeike at korkje vi eller fylkeskommunen kan krevje at ein bygning blir flytta, men flytting av Grønnbrygga kan vere ei god løysing som Normilk kan greie ut vidare, seier Stang.
– Det er mogeleg å gi ein dispensasjon til å flytte bygning når det er det einaste alternativet for å ta vare på den for framtida, sier han.
Det ligg til Trøndelag fylkeskommune å avgjere ein eventuell søknad om flytting av Grønnbrygga.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Riksantikvaren hyllar filminnspeling på freda gard
– Markens grøde gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Verdsarvutstillinga på plass i Hammerfest
No får «oppmålinga av verda» og verdsarvområdet Struves meridianboge den spektakulære verdsarvutstillinga.
Foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre
Riksantikvaren foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre, fordi bygningen er sterkt endret og har tapt mye av verdien som kulturminne.

