Når eit kulturminne brenn, flaumar over, blir utsett for hærverk eller rammast av terror, er det dei første timane som avgjer om vi klarar å berge verdiane som aldri kan erstattast. Likevel er det nettopp i akuttfasen at roller, ansvar og samhandling ofte er minst avklart. I eit intervju med NHO Service og Handle seier Riksantikvarens fagdirektør Beate Strøm følgjande om temaet.
– Vi må bli betre i akuttfasen. Arbeidet med beredskap for kulturarv krev ei heilskapleg tilnærming, seier Strøm.
Les heile saka på NHO Service og Handel sine nettsider.
Fagdagen har eit rikhaldig program, blant anna foredrag om brannen i Dombås kyrkje, sikring av arkeologiske kulturminne ved flom, og panelsamtalar. Arrangementet er eit samarbeid mellom Forsvarsbygg, NHO Service og Handel, Hovedorganisasjonen KA og Riksantikvaren.
Verkar dette arrangementet interessant? Riksantikvaren har fleire arrangement i samband med totalforsvarsåret 2026. Vi har også ein eigen kalender der alle kan registrere arrangement som tek føre seg beredskap for kulturarv.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Riksantikvaren reiser ikkje motsegn
Bergen kommune gjer endringar i kommunedelplan Sentrum. Riksantikvaren ber likevel kommunen stille krav i historiske byrom.
Halvparten av Noregs befolkning er opptekne av kulturmiljø
– Dette er ein viktig og gledeleg milepæl, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
No kan du søke om tilskot til kulturarven i 2027
No opnar søknadsvinduet for kulturmiljø, og Riksantikvaren lyser ut tilskudd til blant anna freda bygninger og anlegg, fartøy og verdensarv.

