Avgjørelser i klagesaker

Yndestad gard. Klageavgjerd på avslag på søknad omavslag på søknad om å fjerne eit automatisk freda kulturminne – førhistorisk steinsett gravminne.

Vår referanse: 26/01402

Publisert: 6. oktober 2026

Riksantikvaren har mottatt klage over Vestland fylkeskommune sitt avslag på søknad om å få fjerne eit automatisk freda kulturminne – eit førhistorisk steinsett gravminne frå romersk jernalder – primært for nydyrking. Fylkeskommunen sitt avslag bygger på ei fagleg fråsegn frå Universitetsmuseet i Bergen.

Riksantikvaren sluttar seg til fylkeskommunen sine vurderingar i saka. Kulturmiljøforvaltinga er restriktiv når det gjelder å godkjenne søknader om øydelegging/fjerning av synlege førhistoriske gravminne. Fjerning av gravminnet vil føre med seg eit irreversibelt tap av viktig kulturhistorisk informasjon. Riksantikvaren peiker på verdien av at nasjonalt viktige arkeologiske kulturminne/kulturmiljø vert liggande intakte i påvente av framtidig metodeutvikling. Nye generasjonar arkeologar vil vonleg kunne realisere eit større og vidare kunnskapspotensial enn det dagens metodar opnar for. Automatisk freda arkeologiske kulturminne som får ligge i fred utgjer ein særs viktig kunnskapsbank for framtida. Ønsket om nydyrking må stå tilbake for fortsatt vern av gravminnet.

Riksantikvaren gir ikkje medhald til klager.