Dei 15 landskapa strekkjer seg frå Bleik i nord til Åbjøra-Åbygda-Vassås i sør.
– Landskapet i Nordland er som ei levande historiebok. Det fortel om liv og verksemd i Noreg slik det ein gong var, om endringar gjennom tidene, og om korleis det er i dag, seier Ingunn Holm, seniorrådgivar hos Riksantikvaren.
– Det karakteristiske ved landskapet i fylket er kysten, og nærleik til fjord og fjell, seier Holm.
Kulturhistoriske landskap i Nordland er ei oversikt som skal vise mangfaldet av landskap i fylket og i landet. Oversikta skal først og fremst vere eit kunnskapsgrunnlag for forvaltninga i kommunane og hos andre styresmakter. Den er ikkje ein verneplan, og landskapa blir ikkje freda.
Les meir om kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.
– Vi håpar oversikta kan bidra til auka kunnskap og forståing for verdiane i landskapa våre, og vere til nytte i arealplanlegging og forvaltning, seier Holm.
Nordland fylkeskommune og Sametinget har foreslått område og utarbeidd beskrivingar, og oversikta var på høyring i 2024. Sidan då har Riksantikvaren har arbeidd vidare fram mot ferdigstilling av oversikta.
Kva er spesielt med landskap i Nordland?
Særpreget i Nordland er eit resultat av samspelet mellom natur og kultur. Spora etter menneske finst overalt i landskapet, ved kysten, i skog og mark, på fjellet og i byar og tettstader.
– Landskapet har alltid vore i endring, men i vår tid skjer endringane så fort, og i eit så stort omfang, at viktige verdiar står i fare for å gå tapt, seier Holm.
– Utfordringa er å forvalte landskap på ein måte som både bevarer og vidareutviklar det i eit langsiktig perspektiv, seier Holm.
Det kystalpine tindelandskapet ligg i nærkontakt med dei flate og rolege kystslettene. Dei breier seg ut mot ope hav, og tindelandskapet dannar bakveggen til det typiske Nordlandspanoramaet. Ytst ute ligg skjergarden med tusenvis av holmar og skjer, og dannar ei ytre rand. Den strekkjer seg samanhengande langs heile kysten bortsett frå på yttersida av Lofoten og Vesterålen. Innanfor skjergarden vidar strandflata seg ut i møte med kystsletter som breier seg langsetter kystlinja.
– Vi håpar at auka kunnskap og forståing for kulturhistoriske verdiar i landskapet fører til meir engasjement for å sikre dei viktige Nordlandslandskapene på ein berekraftig måte.
– Målet vårt er at kunnskapen om landskap blir ein positiv ressurs i samfunnsutviklinga, seier Holm.
Dette er dei 15 landskapa
- Bleik
- Nyksund, Skipssanden, Stø og Langenes
- Øksfjorden
- Vegglandet
- Yttersida av Vestvågøy
- Engeløya
- Røstøyan
- Sulitjelma
- Saltfjellet – Bjøllåvassdalen
- Sanna
- Illgruben
- Vega
- Tjøttabassenget
- Torghatten
- Åbjøra – Åbygda – Vassås
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153

Askeladden i ny drakt
Kulturminne- og kulturmiljødatabasen Askeladden skal bli ny. No kan du teste første versjon!

Statsbudsjettet 2026 for kulturmiljøforvaltningen
Tilskudd til verdensarv og bevaringsstrategiene blir styrket i statsbudsjettet 2026.

Fredning av MS Salten på høring i Nordland
Nordland fylkeskommune sendte fredningsforslag av MS Salten på høring. Nå nærmer fristen seg: Du kan si din mening til fylket innen 15. oktober.