Nyheter

1,9 millionar til kyrkjekunst i 2027

Riksantikvaren har fordelt tilsagn for konservering av kyrkjekunst.

Publisert: 25. februar 2026

Bemalt kirketak og alter i tre med religiøse ikoner, blomstermotiver og figurer på veggene og i det hvelvede taket.
Årdal Gamle Kirke Foto: Alexander Myrseth, Riksantikvaren

I statsbudsjettet for 2026 er post 73 – tilskot til bygningar og anlegg fra mellomalderen og brannsikring på til saman 48,85 millionar kroner. Dette er ein reduksjon på 4,05 millioner kroner frå 2025. For tilskot til konservering av kunst og inventar i kyrkjer er det sett av 2 millionar kroner i tilsagnsmidler for 2027, og det er ingen tilgjengelige tilskotsmidlar for 2026 på ordningen.

– Kyrkjekunsten er nasjonalskattar. Utan dei fantastiske altertavlene, dekoren og preikestolane, hadde ikkje opplevinga av kyrkjeromma vore det same, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Tilskot til både tre- og murkyrkjer

I år har Riksantikvaren innvilga seks søknadar. Kyrkjene som har fått invilga sine søknadar er Bekkelaget kyrkje, Drevja kyrkje, Sel kyrkje, Vang kyrkje, Vanse kyrkje og Årdal gamle kyrkje.

– Vi har fått inn 12 søknader om tilskudd på ordninga, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Det er mange gode søknadar som i hovudsak omfattar kyrkjekunst som kvelvmaleri, preikestolar, maleri og lause gjenstandar, seier Geiran.

Det største prosjektet i årets søknadsbunke er Årdal gamle kyrkje. Der skal altertavla og preikestolen konserverast. Interiøret i kyrkja er heilt unikt, og alle flater er dekt med limfargedekor frå 1700-talet. Sjølve altertavla og preikestolen er frå 1630-åra, og stammar frå kyrkja sin tidlegaste periode.

Til samanlikning er det minste prosjektet som får tilskot i Vang kyrkje i Valdres. Trekyrkja vart bygd i 1839, og har eit måleri av Jesus i Getsemane. Det trur ein er måla i århundreskiftet mellom 1700-talet og 1800-talet. Måleriet har ein lapp signert J. C. Dahl datert til 1841 der han skildrar maleriet sitt opphav.

Årets tildeling er gjort med grunnlag i Forskrift om tilskudd til stavkirker, bygg og anlegg fra middelalderen, konservering og brannsikring. Det kan gis tilskudd til konservering og restaurering av maleri, altertavler/alterskap, minnetavler/epitafier, prekestoler, døpefonter, skulpturer, tekstiler, kirkesølv og annet inventar i kirken

Her er oversikt over prosjekta som har fått tilsagn for 2027.

Tilsagn kyrkjekunst 2027

wdt_ID Kirke Tiltak Tilsagn 2027
1 Bekkelaget kirke Konservering vegg- og hvelvmalerier 307,294.00
2 Drevja kirke Konservering dåpsengel 232,864.00
3 Sel kirke Konservering prekestol og altertavle 463,563.00
4 Vang kyrkje Konservering maleri 95,200.00
5 Vanse kirke Konservering altertavle 240,000.00
6 Årdal gamle kyrkje Konservering altertavle og prekestol 573,000.00
7 SUM 1,911,921.00
Kirke Tiltak Tilsagn 2027

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153