Fleire av meldingane handlar om hærverk på helleristingar og bergkunst. Fylkeskommunane stod for dei fleste meldingane, i tråd med deira ansvar som førstelinjeteneste for kulturminne.
– Det er store variasjonar i talet på meldingar per år, seier Kaare Stang, fungerande seksjonsleiar for juristane hjå Riksantikvaren.
– Likevel kan vi seie at det låge talet tydar på at folk flest har stor respekt for kulturarven.
I 2023 registrerte Riksantikvaren 18 meldingar totalt, og 16 gjaldt skadar eller øydelegging av arkeologiske kulturminne, medan i 2022 vart det gjort heile 38 meldingar. Det året handla 31 om skadar på arkeologiske kulturminne.
– Om det ikkje er eit mønster i tala, kan vi diverre seie at det er eit mønster i at skadar og øydelegging rammar dei eldste kulturminna vi har i Noreg, konstaterer Stang. – Det kan tyde på at det i nokre tilfelle handlar om aktlause eller mangel på kunnskap, slik at folk ikkje veit at dei skal ta omsyn.
– Men i nokre tilfelle ligg det òg medvitne handlingar bak og regelrett hærverk. Nokre gonger får dette alvorlege konsekvensar. Vi har nyleg sett fleire tilfelle av ny rissing ved gamle helleristingar.Øydelegging av kulturminne fører ofte til uoppretteleg skade og reduserer både kulturminnets kjeldeverdi og opplevinga av desse.
– Det er gode grunnar til ikkje å ripe eller teikne på noko du trur kan vere gamalt, og det er også smart å sjekke om det er kulturminne i nærleiken når du har planar om å grave i bakken.
Fylkesvise anmeldelser
Vestland | 3 |
Trøndelag | 7 |
Agder | 1 |
Møre og Romsdal | 2 |
Rogaland | 1 |
Troms | 2 |
Buskerud | 1 |
Finnmark | 2 |
Oslo | 1 |
Akershus | 1 |
Vestfold | 1 |
Østfold | 1 |
Totalt | 23 |
Eit lovbrott gjeld samisk kulturminne i Trøndelag, og lovbrottet var meld av Sametinget. 18 lovbrott gjeld ulovlege inngrep i arkeologiske kulturminne/lokalitetar som er automatisk freda. 5 lovbrott gjeld ulovlege inngrep i bygningar som er freda.
Faktaboks
Etter innføring av regionreformen i 2020, er det fylkeskommunane og Sametinget som skal melde lovbrott til politiet. Riksantikvaren melder sjølv lovbrott for ulovlege inngrep i dei fire mellomalderbyane, og ved lovbrott på- eller i kyrkjer.
23 meldt til politiet for kulturmiljøkriminalitet i 2024
I 2024 gjorde Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget til saman 23 meldingar til politiet knytt til kulturmiljøkriminalitet.
Deler ut 18,8 millioner for å øke fagkunnskapen om fartøy
Riksantikvaren har fordelt tilskudd for 2025 til fagutvikling i fartøyvernet og de tre nasjonale fartøyvernsentrene.
Slik blir Nidarosdomens nye dører
– Et vinnerforslag med respekt for kirken, byggetradisjonen og den kulturhistoriske verdien som Nidarosdomen representerer.